torsdag 31. mai 2007

UTFORDRING


UTFORDRING.

Her vil eg fortelle om mitt parfymevalg, eg har blitt utfordra av Senorita.

Mitt parfymeutvalg er ikkje så stort, eg må begrense bruken pga allergi.

Ønsker ofte at andre kunne gjort det samme, iallefall berre litt. Får ofte

pustevanskar når eg er i store forsamlingar, konsert, kino eller selskap.

Har ein eg likar veldig godt som eg brukar litt av når eg pyntar meg.

Eg vil sende utfordringa vidre til Juliann,Strikkemor(o) og Mallemor.

søndag 20. mai 2007

Tidligere arbeid
































Det er mai og lysta til å plante i krukkene ute er stor, men i dette regnet druknar plantane. Det vart ein fjelltur og etter det tok eg ein tur rundt i huset og tok bilder av veggtepper eg har sydd tidligere. Dette vart litt av resultatet.

Mai er grønn


Dette er mitt bidrag for mai måned i Eit år i fargar i Hobbyboden. Ein løpar i flette teknikk som eg lærte med Mia fra Sverige.

søndag 13. mai 2007

Hjerteteppe


Skal prøve å lage meg ny Avatar på profilen min i Hobbyboden og tenkte å bruke eit av desse hjerta. Dette er eit teppe eg sydde fra boka Lapper og skinn av Grete Gulliksen Moe.

fredag 11. mai 2007

På tur




Ikveld vart det tur med Django. Når det er bestemortur må han få ete litt godt gras. Han fekk og mange skorper, han takkar til den han fekk dei med.

UFO


Duken ferdig. Gikk kveldskurs for å lære denne teknikken, Brita i skogen kallar vi dette. Var ikkje fornøyd med fargane, men ei av jentene ville ha den, da vart den ferdig.

mandag 7. mai 2007

Bølger


Eg har og starta å hekle bølgeteppe. Vart veldig inspirert når eg såg på bloggane til Juliann og Strikkemor(o). Har ikkje hekla på 25 år men det satt i fingrane med det samme eg tok i heklekroken. Hadde liggande restar av bomullsgarn. Heklenåla er ikkje av den proffe typen men den eg har duger godt. Det har vorte ein rosa start, eg har strikka rosa gensera når jentene var små.

Konfirmasjonspresang




Dette blir ein presang til ei jente i Kristiansund som skal vere konfirmant på søndag.

Sommar


Verandabordet klart for sommaren. Dette sydde eg for 2 år sidan, serviettholdaren er fra ei Tilda bok.

tirsdag 1. mai 2007

Fjelltur







Enda ein flott dag her i vest, fjellet lokka i dag og. Idag gikk turen til Skårhaugnakken. Utsikten var flott og det var stor vassføring i elva vi måtte over. Handarbeid blir det og tid til på altan etter turen, avsløring av det kjem seinare.