søndag 30. mars 2008

Region treff.

I dag har Nordfjord Lappe- og quilteklubb arrangert regiontreff,treff for lappedamer i Sogn og Fjordane. Det har vore ei kjempeflott utstilling med mange fine arbeid. Hanne Schneider har holdt eit interessant foredrag om Dear Jane. Ei entusiastisk dame som forhåpentligvis vekte Dear Jane interessa hos mange. Takk til Hanne.
Vi hadde fem butikkar som stillte med stoff og mønster til einkvar smak.


Vi hadde sydd tepper i Dear Jane til utlodding. Ei i klubben var heldig å vann.

Hanne viste oss gjerne sytips. Håper ho kan komme tilbake å holde kurs for oss.




Her er kroken med eige design produkt.




Bilda viser ei stor breidde i quiltesporten.


Alle i klubben stillte med kake.





tirsdag 25. mars 2008

STITCH 2008.

Da er mitt stitshery for april ferdig. Mønsteret er laga av Tiriltunge,takk til ho for det.

fredag 21. mars 2008

Byhaner.


Byhaner som vart til bygdehanar, dei enda i Stardalen i Jølster komune.Vi var i 50 årsdag i går og dette vart presangen. Dama som fekk løparen vart veldig glad, da er det kjekt å gi.

onsdag 19. mars 2008

Skeive og buede linjer.


Endelig har eg fått til løparen.Gikk kurs med Birthe Lee Tveit for eit år sidan. Når eg skulle sy på den svarte kanten var framgangsmåten borte vekk for meg. Prøvde mange lure måtar men måtte ta den med på Lappeklubb møte før eg forsto. Kanskje det er lurt å skrive ned det ein lærer når ein er på kurs! Sissel R,da er bursdagspresangen din ferdig 17 dagar for seint.
Ønsker god påske til dei som er innom bloggen min!

tirsdag 11. mars 2008

Pulverheksa.










Veska til Pulverheksa er ferdig.Håper dama som eg har sydd den til blir fornøyd. Og alle vennene til Heksa som skal ligge oppi får det bra. Veska er 75 cm brei og 60 cm høg.

søndag 9. mars 2008

Vinku.

I helga har det blitt sydd ei vinku.Ei vennine trengte ei til ein presang,vips så trylla eg fram ei.Ho er ferdig til å sendast i posten i morgo etter jobb.

lørdag 1. mars 2008

Pulverheksa.

Dette prosjektet held eg på med no.Kjøpte denne boka på salg i 2004.Tok den med i barnehagen og den vart veldig populær i lesestundene.Ein av mine kollegaer vart så begeistra. Etter ho var på teater som gikk i januar laga ho alle figurane.Eg er imponert,ho syr ikkje, har brukt limpistol og farge.Så kom ein sms til meg ein dag, ho trengte sydame. Ho måtte ha veske til dei,eg sa ja.Kan ikkje seie nei til eit så spennende prosjekt,men korleis skulle den vere! Har tenkt og kommet så langt som dette.Sidene og bunnen er nesten ferdig,skal lage ende sider og etter kvart.
Dette er boka som alle figurane er laga fra.

Dette er lommer inni til å ha bøkene og cder. Dette er eine sida av veska,er ikkje heilt ferdig.





Alle desse skal bo nede i veska.