
Dette er arbeid vi fekk utdelt på årets Blåtur i Nordfjord Lappe og Quilteklubb.
Husflidstausa var ein av arrangørane, ho hadde lagt mykje arbeid i presangen vi fekk. Fekk to pakkar kvar med stoff, tråd og malar. Ferdige arbeid skal leverast på lappemøte til hausten. Takk til Husflidstausa for ein kjekk Blåtur i Bremanger. Det blir ikkje mykje sying for tida, men desse er no ferdige til levering.