onsdag 31. mars 2010

God påske.


Har fått strikka påskekylling med hemmelig innhald. Fekk den av svigerinna som strikka sitteunderlaga på forige innlegg. Da ventar eg på fineveret, har mykje syarbeid om det ikkje kjem.
ØNSKER ALLE EI RIKTIG GOD PÅSKE.

mandag 29. mars 2010

Sitteunderlag.

Desse skal bli gode å sitte på når vi skal på tur i påska. Julegave som mi svigerinne har laga, dei er strikka og er dobbel. Kjekke ting å få!

lørdag 27. mars 2010

Pose.

Pose til bursdagspresang som eg fekk bestilling på. Denne gongen har eg brukt Ponduro sitt overførings ark til bildet, vart fornøyd med det. Posen er vekk til Bergen.

mandag 22. mars 2010

Vårlig hjertehøner.


Mønsteret er fra siste Quiltemagasinet, "Ei vårlig hjertehøne" av AnnAKa. Måtte bruke sollyset i dag å ta bilde, dei fine fargane kom ikkje heilt fram. Har sydd to like, den eine skal vere ein gevinst og den andre har eg ikkje heilt bestemt kven som skal få.

Vår-sy-mysterium.


Så langt har eg kommt på sy-mysteriet i helga. Har litt problem kva farge eg skal velge til ramme rundt, tips mottas. Siste delen kjem fra Nina i morgo.

lørdag 20. mars 2010

Underlag/brikke.

Har sydd underlag til kaffekoppene, sydde 4 og når dei ikkje er i bruk blir det ei lita brikke.
Brukte litt vårlige stoff som eg syntes passa sammen. Kjøpte meg ny pyntepotte i porselen og vårlige Primula.

Har fått litt vårfornemelse, gradene er over 0' og snøen minkar i regnet.


Vår-sy-mysterium.

Nina er igang med sy-mysterium, eg har meldt meg på denne gangen og. Før jul hadde ho også sy- mysterium over ei helg, kjekt å vere med. Veit ikkje kva det skal bli, får litt påfyll kvar dag kl 12.00. Før jul vart det fine grytekluter. Eg har skjert opp 100 biter, har rikelig så ein del fargar blir kanskje bytta ut. Blir spennende å sjå kva som har kommt i dag!

søndag 14. mars 2010

Lue.

Da vart det ny lue på jenta i Bergen. Det er Dale design og strikka i Freestyle, veldig godt garn og strikke i.

lørdag 13. mars 2010

Smarta remsor och fiffiga trianglar.

Løparen som eg starta på i helga er ferdig. Kurs med Mia Øberg, vi lærte mange smarte løysingar. Kurset var veldig populært, ikkje alle i klubben fekk bli med. Hadde årsmøte i Nordfjord Lappe-og Quilteklubb, starta med frokost på hotellet laurdag og kurs resten av helga.

Laga ein del prøvelappar på det vi kunne bruke blokkene til.
Dette er Mia, ho kjem fra Sverige og har butikk der. Her er bloggen hennar, ho har mange smarte løysingar på blokker som ser vanskelig ut.



Her er to av modellene hennar. Blokkene kan settast sammen til mange forskjellige resultat.





Har vore ei kjekk helg, tenk å få drive med hobbyen ei heil helg!
God mat og godt syveir, ute regna det heile helga. Takk for god gjennomført helg til styret i klubben.

søndag 7. mars 2010

Vinter.


Det ser ut som den flotte vinteren vi har hatt er over. I dag er det varmegrader og regn. Dette settet har vore på kjøkkenet ei stund. Stitcheryet på brikka er fra Jordbærstedet, snømann er fra månedsbildet i Lappeklubben. I helga har det vore kurs med Mia Øberg, kjem med bilder når eg er ferdig med løparen.