onsdag 31. desember 2014

Godt nytt år.

 

Ønsker alle eit Godt nytt år!

 

lørdag 27. desember 2014

Førstehjelp.

Julegaver, litt førstehjelp i huset kan vere kjekt å ha for dei unge. Hadde ei som sa ho hadde ikkje nål til å sy fast tråder. Da kom ideen med å lage til i eit skrin med dei mest nødvendige som ein kan få bruk for. Laga nåleputer, nålebrett og putta saks, nåler, målband og diverse ting i.

 

søndag 7. desember 2014

Løper

 

Årets juleløper, har brukt Tri-Rex linjalen på stjernene. Dette var på kurs med Bente Malm vi lærte.

 

tirsdag 25. november 2014

Strikkepinne mappe og mobil veske.

 

Dette vart ferdig i dag. Strikkepinne mappe og mobilveske til Silje. Lenge sida eg har blogga, var sakna, da måtte eg legge ut. Syr litt heile tida, skal bli flinkare å blogge.

 

søndag 19. oktober 2014

Liten løper.

 

Løper sydd på bestilling. Blomsten er fra mønsteret til Randi Røys.

 

fredag 10. oktober 2014

Hytte quilter.

Litt av det eg har sydd i sommar, alt er på hytta. Har kjøpt hytte på Skjåk, kjekt å få legge på brikker og ha sydde tepper.

Denne vart sydd til utebordet.
Dette vart gave til min søster.
Dette vart uteteppe.

 

Dette er rester og litt til av teppe eg har sydd før.

 

Denne vart på bordet og ein del mug rug av restene.

 

søndag 10. august 2014

Løpar nr 2.

 

Bryllupspresang, løpar vart det denne helga og. "Sorte blomster" av Ryum Quilt.

Flagget må opp når nabojenta gifter seg.

Fin innpakking.

Pavalova fekk eg lov å lage.

Ein flott dag, blå himmel og sol. Ønsker dei lykke til!

 

mandag 4. august 2014

Løpar.

 

Mange brudepar som får sydde ting denne sommaren og. Denne løperen fekk eit vennepar av eldste dattera i helga. Løperen "Sorte Blomster", bakgrunnen vart til av restene fra spisebrikkene i forrige innlegg. Kjekt å gi når dei likar sydde ting, spisebrikkene vart brudeparet veldig glad for.

 

mandag 28. juli 2014

Spisebrikker.

 

Spisebrikker til bryllupspresang. Ideen til desse har eg funne på ei Quilteside på nettet.

 

mandag 31. mars 2014

Skinnveske.

Ei skinnjakke har vorte ei veske. Har gått Dongriveskekurs med Liv Ingunn fra Sandane. Mi veske vart i skinn etter ei gamal skinnkåpe som er arva for mange år sidan.

Tok bilder ute i solskinnet i dag, flott med våren og blomstrane som kjem.

 

torsdag 13. februar 2014

Lang gryteklut.

 

Lang gryteklut sydd etter mønster fra My Quilt.

 

søndag 9. februar 2014

Løper og brikker.

Har sydd løper, gikk på kurs med Marie fra Sandane.
Brikkene vart til av overskuddsblokkene. Fargane er tilpassa veggteppet i forrige innlegg. Alt
havna på samme plass. Kjekk teknikk og kjekt kurs.

 

torsdag 6. februar 2014

Veggteppe.

Sydd hjerteteppe i Buggy Barn teknikk. Dette kom på veggen med mi eldste jente i kveld. Givar og mottaker vart veldig fornøyd. Lysa må skiftast til ei anna farge:)

 

mandag 20. januar 2014

Veske/strykeunderlag.

Klar til kurs, med strykejernet i veska!

Kanskje litt stor, brukte heile strykestoffet som var med på mønsteret.

Kjøpt i Molde på Vestlandstreffet i haust med Northen Quilts.

 

fredag 27. desember 2013

Julekort.

 

Laga fine julekort og merkelapper. Fant mønster på hjerta på blogg som heiter hobbymegher.blogspot.no. Hekla hjerta og berre limte dei på, god jul er fra klistremerke eg kjøpte på ein Ponduro butikk. Merkelappane var og einsfarga kjøpt på Nille, der hekla eg eitt hjerte og limte på. Kjempe koselig idee, takk for mønster på hjerta:)

 

tirsdag 24. desember 2013

God Jul.

Ønsker alle ei riktig God Jul.

 

mandag 16. desember 2013

Julebrikker.

 

Da er åtte julespisebrikker avlevert til eldste jenta. Koselige brikker med Julekuler på. Greit å begynne tidlig med prosjekt, desse begynte eg på i januar.

 

onsdag 4. desember 2013

Lang juleløper.

Juleløper til langt bord. Gikk på kurs med Ingun Vaksdal, lærte å bruke linjaler. På denne har eg brukt Lacy Angel linjalen. Kjekt og lærerikt kurs, blir meir på bloggen etterkvart.

 

søndag 1. desember 2013

Adventstid.

Har sydd adventsbrikker til meg og døtrene. Mønster fra AnnAKa " Forglem meg ei".