Har sydd ein "ferieduk", denne skal få vere med når eg reiser på ferie. Skal få ligge på utebordet med lysa tent om kvelden. Dei feriane som den blir med på skal få navnet sitt på duken.
Har sydd ein trusepose som vart presang. Mange dagar sidan eg skulle blogge denne men eg har ikkje kunna logge inn. Måtte forandre passordet mange gongar. Andre som har hatt samme problemet?
Vel overstått nasjonaldag, håper alle har hatt ein fin dag. Her har det vore regn og skodde ned i fjella, frista ikkje å gå i tog da. Brukar å gå i nesten alle toga men er ikkje kjekt med våt bunad. Når det vart kveld kom sola, da kom bukse og allversjakke på, Klara og eg hadde ein fin tur rundt i bygda. Dette nettet sydde eg for ei stund sida.
Da er Buggy burnteppet ferdig quiltet og lukkekanten er komt på. Quiltinga er ikkje det kjekkaste eg gjer, stort å handtere under symaskina. Det var deilig å sove middag under teppet, varm og godt når bakstykket er av fleece.