onsdag 27. januar 2010

Vesken "Sonår".

Har sydd vesken "Sonår", eit mønster fra Favorittquilt v/Airin Hansen. Slidelås lomme bak, inni og på toppen. Har litt glidelås fobi men det gikk greit, glidelåsen på toppen vart godkjent under tvil. Dette er ei stor veske, den er 41*38 cm. Hankane laga eg etter Andre' metoden, sydde stoff på band.
Veska på framsida. Har brukt stoffet eg fekk med jentene mine til jul, svart med skrift på.

søndag 24. januar 2010

Kursarbeid.

Dette har eg sydd i helga, har sydd litt til men det er eg usikker på om eg vil vise. Vart prøve lappar, har kun brukt stoppefoten. Fin tråd og tjukk nål er hemmeligheten med dette. H en på svart lin er ein makrelltube eg har klipt og vaska. Stilig synest eg, annaledes sying enn vanlig.

Kurs med Pelse Asboe

I helga har eg vore på kurs med Pelse fra Danmark og lært mykje ein kan gjere med symaskina. Ekstremsport med symaskina, vi har sydd på majonestuber, folie,vi har brukt shiffong og det meste. Har brukt mange spennende tråder, har lært korleis vi lagar tjukketråder, syr perler på tråd og får fargen vi vil ha ved å mikse fleire fargar. Har brukt ein del metalltråd. Veldig kjekt og lærerikt, ei spennende dame som det anbefales å gå på kurs med om det er mulighet. Pelse hadde mange spennende prøver med som ho viste og forklarte. Under Pelse og Solfrid i djup konsentrasjon.

mandag 18. januar 2010

Stitch 2008.

Sydd sammen alle stitcherya som eg sydde i 2008. Alle vart tegna/laga av damer som blogger, kom eitt for kvar måned. På bloggen Stitch 2008 kan ein sjå alle. Ideen til rammene rundt fant eg hos Merete, takk til ho som legg ut framgangsmåtar ho brukar. Kanten rundt gjenstår. Er ikkje heilt enig med meg sjølv kor stort eg skal ha teppet og kva eg skal bruke det til.

søndag 17. januar 2010

Maratonlaurdag!

Nordfjord Lappe og Quilteklubb inviterte medlemane til å ha sydag på Stokkenes Gard laurdag. Ta med det vi ville sy på, lokalane ope mellom 8.00 og 20.00. Eg har da funne fram Stitch 2008.
Inger Lise som åpna dørene kl 8.00 syr løpar.

Elin skulle quilte teppe.


Elna lagar syboks.




Laila syr vårløpar.




Wenche syr glidelås i sminkepung.




Anne Marie hadde funne fram ein ufo som ho laga for 10 år sidan, denne vart det kant på.
Alle sydde på forskjellige ting, vi var 10 stk som var der til forskjellige tider på dagen. Veldig kjekt å komme ilag å sy, her kunne vi søke råd med kvarandre om vi trengte. Hadde gode pauser med god mat, kaker og lefser, som vi hadde med. Primula stillte med butikk, fine stoff å kjøpe om vi trengte. Takk til styret som tok intiativ til denne kjekke dagen.






søndag 10. januar 2010

Bakstykke med historie.

Har sydd sammen mange rester og halv ferdige arbeid som ikkje har vorte brukt til noko. Det skal vere bakstykke på Log cabin reste teppe eg har sydd sammen tidligere.
Her er alle brune remser som har vorte igjen etter forskjellige arbeid. Sydde mange løparar i forskyvde ruter for mange år sida, dette vart eit stykke. I Quiltemagasinet var ein serie med årstidstepper, ruter i stabler som vart sydd sammen. Sydde to, har hatt dei så lenge at det var på tide å bruke.

På dette bildet er det forskjellige resteblokker som eg skulle bruke, planane er alltid store. Har sydd ein del av dei på kurs, blokka med katt vart til når eg gjekk på kurs med Anne Birkeland. Mykje sy-historie i dette bakstykket.



Her har eg sydd Log cabin av alle stripene eg hadde. Dette har vore ufo ei stund. Teppe skal quiltes, er litt usikker på korleis. Tenker fri hands quilting blir finest på baksida men er ikkje sikker på log cabin sida. Er glad om noken kjem med forslag! Har tatt vare på alle lukkekant restar eg har hatt, det skal eg bruke på dette.


lørdag 2. januar 2010

Ping-vin!

Ein Ping-vin vart det første ferdige i 2010. Har hatt ei material pakke liggande sidan sommaren 2008. Kjøpte den på Northern quilts når vi var på ferietur forbi Steinkjær. Har berre vorte liggande uten å bli sydd.