onsdag 29. oktober 2008

Resteteppe.

Resteteppet begynner å ta form. Har sydd saman halvparten av log cabin blokkene. Alltid når eg legg arbeid på gulvet er Klara der å prøvar. Ser ut som det varmar godt allerede.

tirsdag 28. oktober 2008

Haustløpar.

Haustløpar og spisebrikkar ferdig når den første snøen kom. Mi mor fekk ein løpar som ho hadde lyst på når ho var på besøk sist, det var ein juleløpar. Det ryktast at ho har lagt den på bordet no, da måtte eg sy ein enkel haust løpar. Denne stoffpakken kjøpte eg i Barcelona for noken år sidan, det vart akkurat nok til dette settet. Dette blir lagt i posten idag, ein overaskelse til mor!

mandag 27. oktober 2008

Restefest.


I helga har eg hatt restefest på syrommet. Har bestemt at stofflagret skal ned, kan vere kjekt å kjøpe nye stoff til nye prosjekt. Har samla stoff i 10 år og restekassa har vokse jamt og trutt. Har sydd log cabin blokker, kanskje blir det eit teppe. Har brukt alt eg kunne få remser på 1 1/2" av, ingen raude, grønne, blå og lyse bitar att. Berre litt store stoff att!!

Stitch 2008

Da er november bildet ferdig. Stitch 2008 går mot slutten, eg har sydd alle månadane. Tenker på korleis eg skal sy dei sammen,stort teppe, lite teppe! Takker Mon@ for fint haust motiv.

mandag 20. oktober 2008

Dear Jane.

Seks nye blokker med DJ. Syr mange no for ikkje å dette av bloggen med god forklaring på alle blokkene. Synest sjølv eg er ganske nøyaktig når eg skjer og syr, men alltid finn eg ut at det ikkje stemmer heilt. Kanskje andre har samme problemet!

søndag 19. oktober 2008

Dear Jane.

Har vorte hengande litt etter med DJ blokker, her må det eit skippertak til. Har sydd seks stykker. Måtte vise dei ilag med den flotte blomsten eg har fått i helga. Har hatt besøk av ei barndoms veninne. Har kosa oss i helga, vi har vore på opera, gått på byen og ein fin fjelltur idag. Har vore på Opera Nordfjord og sett "Hertuginna av Chicago",ei flott framsyning.

søndag 12. oktober 2008

Kuer.


Kua mi, eg takkar deg
deilig melk du gir til meg.
Kvar ein dag eg til mitt brød
drikker melken din så søt.

onsdag 8. oktober 2008

Dobbelsidig quilt.

I september gikk eg på kurs og lærte denne teknikken. Sidan det er 54 dagar igjen til advent er eg tidlig ute i år. 24 dagar deretter snur eg løparen og brukar den som juleløpar.

Her er løparen på begge sider.



søndag 5. oktober 2008

Toalettveske.


Har lenge tenkt eg skulle sy meg ny toalettveske, no er det gjort. Denne er etter mønsteret til AnnAKa, "Stor & Liten", som alle andre mønster av ho var denne kjekk og rask å sy. Kjøpte dette stoffet i Trondheim når eg var der, fekk lyst å sy av det.

fredag 3. oktober 2008

Vinnarlykke.

Jippi, eg var den heldige vinnar av 4 Lenes silketråd i haustfargar og plastmappe å oppevare dei i. I sommar meldte eg meg inn i Stitchingklubben på Jordbærstedet, fekk den første pakken når eg besøkte butikken i sommar. Ei hyggelig dame i butikken og mange fine stitchery i klubben. Når det var ferdig skulle ein sende bilde til butikken og så fekk ein eit lodd på gevinsten ( passa godt så det ikkje vart ein ufo). Denne gongen vart gevinsten min, kjempeheldig.

STITCH 2008.

Da er oktober stitcheryet ferdig, mønsteret er laga av wia. Takk til deg for mønsteret. Edderkopper høyrer til årstida, spesielt i dette fine veret på Vestlandet.