I dag er det sol fra heilt blå himmel.Måtte ta bilde av planten eg kjøpte i vår, den heiter Blodbeger. Den såg liten ut i forhold til pilestavenene den skulle vokse oppetter, men den har vokse mykje sidan eg planta den.
Las på nettet at det var på tide å begynne å plukke sniglar. Da er sesongen begynnt, 134 stk sniglar i kveld. Eg har eit lite område som eg går over nesten kvar kveld. I fjor plukka eg ca 1000 sniglar. Her i hagen er det berre stauder, sommarblomster et dei på ei natt. Eg likar ikkje at det er dei som styrer min hage!
Måtte ut å ta bilde av blomsterane i hagen for å forstå at det er vår.10 `, vind og litt regn. Kuleprimulaen må bøye seg ned for regndråpane, ser ikkje ut så dei likar seg, dei har vorte lokka fram av sol og varme tidligare.