Har sydd sju vennskapsugler. Det vart sett igang på Hobbyboden av Liv-Toril. Dei var kjekk å sy, enkle når ein har mønster. Må sitte med foten høgt etter ein operasjon så dette var greit å få til når ein må bruke "feil" fot på pedalen. Tusen takk til Liv-Toril.
Har sydd eit vognteppe. Det var bestillt av ei bestemor og mamman til jenta har bestemt mønster og fargar. Fekk tilbakemelding om at dei vart veldig godt fornøyd med teppet.
Yngste jenta er Russ. Syrommet mitt har vore brukt av disse to jentene for å få ferdig russekleda.Bilen vart ferdig til russesleppet i dag, dei er sju stykker som har bil. Her er jenta klar for feiring. Håpar dei får ei kjekk tid dei kan tenke tilbake på. Ho mor skal prøve å ikkje bekymre seg for mykje!
Denne helga har det vorte seks blokker med Dear Jane. Det er kjekt og lærerikt. Prøver å følge bloggen Dear Baby Jane, har ikkje meldt meg på da engelsken min ikkje er så sprek. Prøver å følge blokkene, det er veldig godt forklart. Eg skulle ha lånt boka som vi har i klubben,kanskje eg kan låne den med den som har den snart. Kanskje nokon veit om det er ei side på nettet med mønstera på blokkene?
Eg har sydd tre Dear Jane blokker, desse var enkle å sy. Vart inspirert av Hanne når vi hadde Regiontreff her. Går med ein liten draum om ein gong å sy alle blokkene. Ikkje alle draumane mine går i oppfylling, men dette er ein begynnelse.
Tusen takk, Elin. Setter pris på alle tilbakemeldingar eg får fra fjern og nær. Vil sende den videre til alle eg har på mine linkar, eg ser innom alle kvar dag. Vil sende den spesielt til alle i Nordfjord Lappe-og Quilteklubb som var med på å lage til Regionstreffet, det var ein kjekk dag.