søndag 30. september 2007

Eit år i fargar



Dette er mitt bidrag til eit år i fargar på Hobbyboden. September er fargen brun. Serviettholdar til mine spisebrikker.

lørdag 29. september 2007

Kursbilde.



Bilder eg sydde på kurs med Susann Dhalberg. Leik med stoff og shiffong.

Tagget.

Eg har blitt tagga:

Reglane:

  1. Link tilbake til den som har tagget deg og skriv reglene.
  2. Fortell 7 ting om deg selv, både seriøse og mindre seriøse.
  3. Tagg 7 andre bloggere og skriv en link til dem.
  4. La disse få vite at de er tagget ved at du skriver en kommentar i deres blogg.

Dei sju punkta om meg er:

  1. Jobbar som fagarbeidar i barnehage.
  2. Likar veldig godt å sy.
  3. Likar godt å gå på fjellet, men symaskina vinn ofte fritida mi.
  4. Blogging og lære nye ting med datamaskina synest eg er veldig kjekt.
  5. Latteren satt laust når eg las trilogien til Anne B.Ragde.
  6. Har slange/orm fobi -trudde slangane var overalt i sydligare strøk heilt til eg var i Spania i 1999.
  7. Blir glad i dyra jentene min har, felle tårar når dyra er vekk.

Er vanskelig å tagge sju andre, ser i bloggene at dei fleste er tagget. Må berre seie at det er utrulig mange fine blogger som eg besøker kvar dag. Det er mange kreative damer rundt om i landet.Ønsker alle ei riktig god helg.

tirsdag 18. september 2007

Klara

Klara var kommt når vi var kom heim fra ferie. Det er elste dattera som har fått ein Staffordshire bullterrier kvalp. Den er ni veker og veldig leiken. Ho har venta i eit år på å få akkurat denne kvalpen.

Kreta


Har vore uten nål og tråd i ei veke,vekk fra regnet. 20' i forskjell på ein dag. Hatt ein herleg ferie på Kreta, nytt sol og bading. Har ikkje leita etter stoffbutikk,bildet viser det eg bringa heim. Var veldig spent på om eg greide å frakte fat og vase heile heim, det gikk bra.

torsdag 6. september 2007

Vognteppe.

Samuel Andre er født i dag. Eg har vorte gamle tante og da må det bli vognteppe i presang. Storesøstra får til dukka, det står lenger ned på sida mi.

søndag 2. september 2007

Dear Jane.

I helga har eg sydd ei blokk av "kjære Jane". Oppgåva har eg fått av Lappeklubben. Alle i klubben skal sy ei blokk kvar, det skal samlast og brukast til lotteriteppe. Skal ha møte på tirsdag og da skal den leverast inn. Teknikken ein ville bruke var valgfri, blokka skulle vere kvit/beig og blå. Eg valgte å sy den for hand.