![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiRlgBM9rQAY5_aawodp0BEyRo63jBjAlFhVR1dWJP1mbENdmMEuLUrMAgK-iLtFPCMLCvU-SZ2ppyme8gn2BSmvPtisBguDK_iE5BDtq_hglYSHmrDZeLfqwy4x0TPPnBBPsK9yXH00S4/s320/Quilt+09+248.jpg)
Lite sying for tida, våren er fin her på Vestlandet, det får ta skulda. Blir mykje fine turar i terrenget, det er kanskje like sunt. Vart litt inspirert på Regiontreffet sist søndag, der var det nokon som sydde gryteklutar på denne måten. Kjekt å sette sammen stoff til crazy blokk og bruke fine pyntesaumar på den.