Viser innlegg med etiketten Dear Jane. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dear Jane. Vis alle innlegg

søndag 4. januar 2009

Dear Jane.


I det nye året har det blitt ein del DJ blokker. I haust vart det andre ting og da datt eg av, målet var å følge bloggen med DJ blokker. Her er det gode forklaringar på alle blokkene. Ikkje alle blokkene er eg fornøyd med, men det får gå. Enkelte er det ikkje mykje arbeid på, men andre er det mykje arbeid på. Må vel innrømme at eg brukar sprettekniven ein del, er ikkje alltid nåla går der eg har tenkt. Kjekt er det å pusle med dette, men enkelte gonger må eg legge det til side å ta det igjen seinare.

mandag 20. oktober 2008

Dear Jane.

Seks nye blokker med DJ. Syr mange no for ikkje å dette av bloggen med god forklaring på alle blokkene. Synest sjølv eg er ganske nøyaktig når eg skjer og syr, men alltid finn eg ut at det ikkje stemmer heilt. Kanskje andre har samme problemet!

søndag 19. oktober 2008

Dear Jane.

Har vorte hengande litt etter med DJ blokker, her må det eit skippertak til. Har sydd seks stykker. Måtte vise dei ilag med den flotte blomsten eg har fått i helga. Har hatt besøk av ei barndoms veninne. Har kosa oss i helga, vi har vore på opera, gått på byen og ein fin fjelltur idag. Har vore på Opera Nordfjord og sett "Hertuginna av Chicago",ei flott framsyning.

tirsdag 8. juli 2008

Dear Jane.

Sju nye blokker Dear Jane. Måtte ta bilde ilag med ei rose, rosene kjem for fullt i hagen no. Er ferdig med alle blokkene som er utlagt på Dear Baby Jane bloggen.

søndag 6. juli 2008

Dear Jane.

Sju nye blokker med Dear Jane ferdig. Har 29 blokker ferdig. Følger bloggen Dear Baby Jane, der er det god søm beskrivelse av blokkene. Ikkje alle blokkene blir like bra men det er viktig å gå vidre, får heller ta igjen blokkene eg ikkje er fornøyd med seinare.

mandag 19. mai 2008

Dear Jane.



Fire nye blokker av Dear Baby Jane. Da er eg kommet like langt som på bloggen Dear Baby Jane. Passa godt å sitte å sy i dag, regn og kaldt, snøen legg seg i fjella. Blir mykje sying når ein ikkje er på jobb,godt å ha symaskina å gå til. Håpar eg er tilbake i jobb fra neste mandag, har begynnt å gå små turer, tar tid å komme i form igjen.

tirsdag 13. mai 2008

Dear Jane.


Etter lang ufrivillig sy og blogg pause er eg endelig i gang att. Det som skulle vere ein liten operasjon i foten vart over lengre tid. Operasjon var dagkirurgi, men etter få dagar gikk det betennelse i alle såra. Vart innlagt på sjukehuset i Førde, var der i fem døgn. Når eg kom heim sto Bjørka så grønn og fin, Tulipanane sto i full blomst. I helga har det vore søskenbarntreff på mannen si side, veldig kjekt, men hadde ønska formen var bedre. Helsa er bedre, men det tar si tid å få betennelsen vekk. Satsar på mykje sying i dagane framover. I dag har eg sydd Dear Jane blokker ute.

søndag 27. april 2008

Dear Jane.

Fem nye blokker av Dear Jane. Kjekt å sy, det er gode forklaringar på bloggen Dear Baby Jane.
Har fjorten ferdige blokker, det er ein begynnelse!

søndag 13. april 2008

Dear Jane,


Denne helga har det vorte seks blokker med Dear Jane. Det er kjekt og lærerikt. Prøver å følge bloggen Dear Baby Jane, har ikkje meldt meg på da engelsken min ikkje er så sprek. Prøver å følge blokkene, det er veldig godt forklart. Eg skulle ha lånt boka som vi har i klubben,kanskje eg kan låne den med den som har den snart. Kanskje nokon veit om det er ei side på nettet med mønstera på blokkene?

torsdag 10. april 2008

Dear Jane,

Eg har sydd tre Dear Jane blokker, desse var enkle å sy. Vart inspirert av Hanne når vi hadde Regiontreff her. Går med ein liten draum om ein gong å sy alle blokkene. Ikkje alle draumane mine går i oppfylling, men dette er ein begynnelse.