Flotte quiltar han lagar, men store er dei ikkje.
George Siciliano har vunne mange prisar med arbeida sine.
Her er det eg sydde på kurset, ikkje mykje på ei helg men lærerikt. Vi sydde på eit spesialstoff med opptegna mønster. Begynnte i midten, lik ei log cabin blokk og jobba oss utover. Linjalen som han har designa var eit godt redskap for å få bitane til å stemme. Vi var 30 damer i klubben som deltok på kurset som var på Nordfjord Hotell. Ei kjekk helg!