fredag 23. mai 2008

Sommarbrikke.

Sommar brikke på utebordet. Mønsteret er opprinnelig fra Frokost på ein hestehov! Quiltemagasinet 2/07 , design AnnaKa. Eg har tatt ideen fra Anne-Grethe sin blogg og i Quiltemagasinet 5/07, synest det vart veldig sommarlig.

torsdag 22. mai 2008

Vinku.

Vinkuene som eg syr er populære som gaver. Kva presang skal ein gje til dei som har alt!! I dag fekk kua komme ut i sola for å bli tatt bilde av. Eg ventar på sommaren!

mandag 19. mai 2008

Dear Jane.



Fire nye blokker av Dear Baby Jane. Da er eg kommet like langt som på bloggen Dear Baby Jane. Passa godt å sitte å sy i dag, regn og kaldt, snøen legg seg i fjella. Blir mykje sying når ein ikkje er på jobb,godt å ha symaskina å gå til. Håpar eg er tilbake i jobb fra neste mandag, har begynnt å gå små turer, tar tid å komme i form igjen.

søndag 18. mai 2008

STITCH 2008.


Juni bildet er ferdig. Det er Toja som har lagt ut dette bildet. Takk til ho for det koselige motivet.

fredag 16. mai 2008

Utmerkelse.

Tusen takk til Rita for utmerkelsen. Veldig kjekt å få, Rita du er ei eg begynnte tidlig å sjå på bloggen til, eg har ofte beundra dine fine arbeid.

Desse vil eg sende utmerkelsen vidre til:
Hanne, etter ditt foredrag på Regiontreffet har eg begynnt på Dear Jane. Du gav meg puffet eg trengte for å begynne. Du sa "alle blokkene trengte ikkje vere perfekt", derfor har eg kasta meg ut i Dear Jane blokksyinga. Takk til deg.

Lappetausa, du har inspirert meg i blokksying. Behjelpelig når eg trengte å finne mønstra, det er berre å ringe! Takk til deg.

Juliann, du kan alt om blogging, iallefall i mine auger. Flink med bilder, berre å ringe eller sende e post om eg har problem å legge noko i bloggen. Takk for meldinga eg fekk ein kveld.

Vil og sende utmerkelsen til alle på linklista mi. Mykje inspirasjon å hente hos dokke. Takk for alle helsingane eg har fått når eg har vore sjuk. God 17.mai til alle.

torsdag 15. mai 2008

Pyntepose med vindu.


I dag har eg sydd Pyntepose med vindu, mønster fra AnnaKa. Veldig enkel og kjekk å sy.

onsdag 14. mai 2008

Nett.




I dag har eg hatt besøk av ei Lappeveninne, vi har sydd nett. Ideen har vi funne på Blåbærtua sin blogg. Med godt samarbeid fekk vi det til. Eg kan ikkje kalle det for handlenett, da må eg bruke kraftigare stoff. Kanskje eit reservenett når ein er på bytur! Ein koselig dag!

tirsdag 13. mai 2008

Dear Jane.


Etter lang ufrivillig sy og blogg pause er eg endelig i gang att. Det som skulle vere ein liten operasjon i foten vart over lengre tid. Operasjon var dagkirurgi, men etter få dagar gikk det betennelse i alle såra. Vart innlagt på sjukehuset i Førde, var der i fem døgn. Når eg kom heim sto Bjørka så grønn og fin, Tulipanane sto i full blomst. I helga har det vore søskenbarntreff på mannen si side, veldig kjekt, men hadde ønska formen var bedre. Helsa er bedre, men det tar si tid å få betennelsen vekk. Satsar på mykje sying i dagane framover. I dag har eg sydd Dear Jane blokker ute.