lørdag 27. oktober 2007

Vin-ku.


Vin ku må ein ha.Dårlig med vin i magen på denne.Dette blir kanskje ein julepresang og da må mottakaren ordne vinen sjølv. Dette blir og mitt bidrag i Hobbyboden. Eit år i fargar, oktober er orange. Kua har fått orange jur.

søndag 21. oktober 2007

Veske

Veska som skulle vere ferdig til eg skulle på Opera i går kveld, vart ikkje ferdig før i dag. Opera Nordfjord med stykket "Jegerbruden" var veldig bra. Med besøk av barndoms veninne og opera vart dette ei kjekk helg. Veska er mønster av AnnaKa "Skjold". Kjekt mønster og sy, fekk bruke Angelica som eg hadde.

søndag 14. oktober 2007

Pute til Klara.


Klara har fått seg pute til korga. Ho er 3 mnd og har vokse mykje sida ho kom til Lisbet. Denne skal ho ha når ho kjem på besøk til besteforeldra. Det er heilt klart dyret må ha ei quilte pute Juliann, du har heilt rett. Er ikkje Klara fin der ho ligg?

onsdag 10. oktober 2007

Round Robin

Eitt år sidan NLQ hadde Vestlandstreffet. Til utstillingen lagde vi tepper i klubben som vi var fem om. Eg lagde midten, da var det opp til dei andre å fortsette. Dette vart da mitt teppe til utstillinga.