I går kveld vart det ei vinku, snill mor stiller opp når døtrene treng presanger. Eldste jenta skal i bursdag i kveld og synest det hadde vore kjekt å gi vinku. Hadde ei halvsydd ku liggandes og etter nokre timar vart denne ferdig.
Har meldt meg på månedsabonnement i Quiltekroken. Det flotte teppet var utstilt på Regiontreffet i Førde. Eg lot meg friste til å bli med og no er første blokk ferdig.
Løpar som skal vere gave. Yngste jenta låner hest med ei dame og ønskar å gi dama ei gave som mor har sydd. Dama har flytta i nytt hus og vi håpar løparen passar i fargane.
Veske etter mønster fra boka "Lapper for ein hver anledning" av Helle C.E.Løvenskjold. Vart inspirert av Strikkemor(o) til å sy denne. Vi var på foredrag med ho i Førde i april.