onsdag 27. oktober 2010

Strikkeose.

Her har eg brukt decopage på motivet, Øyenstikkaren fant eg på ein serviett. Er spent på holdbarheta på motivet, nokon som har erfaring med det. Posen er sydd etter framgangsmåten til Timotei, tusen takk til deg som deler med oss.

søndag 24. oktober 2010

Rundpinnemapper.

Har vorte litt produksjon av rundpinnemapper, greit å få samle dei på ein plass så ein slepp å leite. Mønsteret har eg funne med Marita, tusen takk til ho som deler med oss andre.





torsdag 21. oktober 2010

Poser.

Poser til lys, den eine vart gevinst og den andre til eldste jenta. Den tredje er pose til strikk, eldste jenta har vorte hekta på strikking. Veldig kjekt at jenta likar å strikke, kanskje blir det sying om noken år!

søndag 10. oktober 2010

Sjal.


Hausten er her og det er kaldare i lufta. To sjal er ferdig, enkelt strikk som er greit å ha tilgjengelig til ein kvar tid. Kjøpte mange fine perler når eg var på Naxos i september, som eg har brukt her. Har mykje sying på gang men lite blir ferdig så eg kan vise det her. Takk for alle hyggelige kommentarar på teppet eg hadde i forrige innlegg.