
Har fått strikka påskekylling med hemmelig innhald. Fekk den av svigerinna som strikka sitteunderlaga på forige innlegg. Da ventar eg på fineveret, har mykje syarbeid om det ikkje kjem.
ØNSKER ALLE EI RIKTIG GOD PÅSKE.

Nina er igang med sy-mysterium, eg har meldt meg på denne gangen og. Før jul hadde ho også sy- mysterium over ei helg, kjekt å vere med. Veit ikkje kva det skal bli, får litt påfyll kvar dag kl 12.00. Før jul vart det fine grytekluter. Eg har skjert opp 100 biter, har rikelig så ein del fargar blir kanskje bytta ut. Blir spennende å sjå kva som har kommt i dag!
Løparen som eg starta på i helga er ferdig. Kurs med Mia Øberg, vi lærte mange smarte løysingar. Kurset var veldig populært, ikkje alle i klubben fekk bli med. Hadde årsmøte i Nordfjord Lappe-og Quilteklubb, starta med frokost på hotellet laurdag og kurs resten av helga.