søndag 30. mai 2010

Trusepose.


Bursdagspresang til ei klubbveninne. Stilig med badedamer på truseposen, panelet med badedamer har eg kjøpt på Lappestua Eid. Kjekt å gi til dei som ikkje syr, og damene som får truseposer blir glad.

tirsdag 18. mai 2010

Vårlige grytekluter.

Våren er på hell og varmen held på å innta Vestlandet. 17 mai var kald og litt våt, men i dag er det varmare i lufta. På tide å blogge om dei vårlige gryteklutene eg har sydd. Mønsteret på stitcherye er fra Northern Quilts.





lørdag 15. mai 2010

Ut på tur.

Hadde ei koslig syhelg da denne vart sydd, men vart ikkje heilt ferdig. Det er den no, mønsteret har eg henta fra boka Lappesprell av Hanne Asplin Firman. Lenge sida eg har oppdatert bloggen, mange ting har gått før sying. Svigermor døde i ein alder av 90 år, siste 10 åra med Alsheimer. Skulle til Madeira å sjå på blomstring, den turen vart kanselert pga askesky. Da blir det feiring av 17 mai heime, håper det blir varmt og fint.