mandag 25. april 2011

Strikketøypose.

Har sydd ein pose til å ha strikketøyet i, denne kjem til å havne i Romsdalen. Svigerinna mi trua med å bruke Pepperkakeform posen til strikketøyet, det går ikkje nei!

torsdag 21. april 2011

God påske.

Har strikka to "Kvikk lunsj" huer. Kjekt å få oppdrag fra ungdomane, og dei likar det eg lagar.

God påske!

tirsdag 19. april 2011

"Kun håndbagasje"

Vart inspirert når eg var på quiltetreff i Florø til å sy fra myQuilt. Dette er det første produktet fra blada som eg har alle av. Kjekt å sjå ferdige modeller av tinga i blada.

onsdag 13. april 2011

Gevinst.

Eg som aldri brukar å vinne! Vann denne på quilte treff i Florø sist helg.

tirsdag 12. april 2011

Strikkepose.

Har laga strikkepose til ein kollega. Greie poser til å ha strikketøyet i.

mandag 11. april 2011

Region treff 2011.

Tusen takk til Quiltedamene i Florø Husflidslag for ein kjekk dag i Florø søndag. Kari Renolen var der å fortalte om bladet My quilt, kjekt å høyre korleis dei får inspirasjon til dette. Ho hadde med mange av modellane til mønstra i bladet. Vi fekk sjå, studere og kjenne på dei, veldig kjekt. Da vart eg selvfølgelig abbonent av bladet.
Flott utstilling, mange "nye" arbeid, fekk mykje inspirasjon.
Mange fine gevinstar, eg vann ein løpar. Skal ta bilde og legge ut!
Ingen var søkar på neste års treff, da får vi quiltedamene reise til Bergen på årsmøtet til NQF!