I helga har eg vore på kurs med Andre' Rustad Wallenborg. Inspirerende og lærerikt.Kurset starta med teori rundt hans bedrift. Han er designer og syr vesker. Ikkje til kven som helst han syr vesker, kjente personer kjøper dei. Han har designa og sydd kjole til kronprinsessa. Kjem til å sjå nøye på alle bilder av kronprinsessa om ho har Wallenberg veske heretter. Vi kjøpte materialpakker av han der alt vi trengte var, vi bestemte sjølv kva stoff vi ville ha til framstykke. Vi sydde små vesker og fikk undervisning etter kvart vi gikk fram. Eit veldig kjekt kurs der eg lærte mykje. Primula design v/Ingun stod for arrangementet for kurset.søndag 15. juni 2008
Kurshelg.
I helga har eg vore på kurs med Andre' Rustad Wallenborg. Inspirerende og lærerikt.Kurset starta med teori rundt hans bedrift. Han er designer og syr vesker. Ikkje til kven som helst han syr vesker, kjente personer kjøper dei. Han har designa og sydd kjole til kronprinsessa. Kjem til å sjå nøye på alle bilder av kronprinsessa om ho har Wallenberg veske heretter. Vi kjøpte materialpakker av han der alt vi trengte var, vi bestemte sjølv kva stoff vi ville ha til framstykke. Vi sydde små vesker og fikk undervisning etter kvart vi gikk fram. Eit veldig kjekt kurs der eg lærte mykje. Primula design v/Ingun stod for arrangementet for kurset.lørdag 7. juni 2008
Syver.
fredag 6. juni 2008
Award.

Denne har eg fått fra Elin og Inger Anne. Kjempekoseligt å få, godt med gode tilbakemeldingar.
Tusen takk til begge to.
Eg ønsker å sende den vidre til alle som syr i sommarvarmen. Må inn på mange blogger kvar deg for å sjå etter oppdateringar. Enkelte syr litt andre meir. Ei som syr mykje, eg må sjekke bloggen kvar dag, er Tiriltunge som stadig oppdaterer med store tepper.
Må også seie takk til Elin som har gitt meg utfordringa med å finne teksten på nermaste bok. Her går det i lydbøker for tida, deilig å sitte på altan med stitchery og cd. Min lydbok for tida er "Jenny" av Sigrid Unset.
I kveld skal eg på "Fjøsrock" med Åge Aleksandersen. Han skal spele i ein ny fellesfjøs som skal innvies med konsert før dyra får ta den i bruk.
Ønsker alle ei riktig god helg. Håper alle har like fint ver som her i Nordfjord i helga.
onsdag 4. juni 2008
Brettbrikke.
Brikke til serveringsbrettet. Mønsteret "brødkorga" hadde vi som tema på Lappeklubb møte i mai. Det har eg funne ein eller anna plass på nettet, koslig syarbeid. Brettet er gamalt, har vorte måla kvitt. Framgangsmåte på malinga av brettet fant eg på Julianns blogg.søndag 1. juni 2008
Venne gave.
fredag 23. mai 2008
Sommarbrikke.
Sommar brikke på utebordet. Mønsteret er opprinnelig fra Frokost på ein hestehov! Quiltemagasinet 2/07 , design AnnaKa. Eg har tatt ideen fra Anne-Grethe sin blogg og i Quiltemagasinet 5/07, synest det vart veldig sommarlig.torsdag 22. mai 2008
Vinku.
mandag 19. mai 2008
Dear Jane.

Fire nye blokker av Dear Baby Jane. Da er eg kommet like langt som på bloggen Dear Baby Jane. Passa godt å sitte å sy i dag, regn og kaldt, snøen legg seg i fjella. Blir mykje sying når ein ikkje er på jobb,godt å ha symaskina å gå til. Håpar eg er tilbake i jobb fra neste mandag, har begynnt å gå små turer, tar tid å komme i form igjen.
søndag 18. mai 2008
STITCH 2008.

Juni bildet er ferdig. Det er Toja som har lagt ut dette bildet. Takk til ho for det koselige motivet.
fredag 16. mai 2008
Utmerkelse.
Tusen takk til Rita for utmerkelsen. Veldig kjekt å få, Rita du er ei eg begynnte tidlig å sjå på bloggen til, eg har ofte beundra dine fine arbeid.Desse vil eg sende utmerkelsen vidre til:
Hanne, etter ditt foredrag på Regiontreffet har eg begynnt på Dear Jane. Du gav meg puffet eg trengte for å begynne. Du sa "alle blokkene trengte ikkje vere perfekt", derfor har eg kasta meg ut i Dear Jane blokksyinga. Takk til deg.
Lappetausa, du har inspirert meg i blokksying. Behjelpelig når eg trengte å finne mønstra, det er berre å ringe! Takk til deg.
Juliann, du kan alt om blogging, iallefall i mine auger. Flink med bilder, berre å ringe eller sende e post om eg har problem å legge noko i bloggen. Takk for meldinga eg fekk ein kveld.
Vil og sende utmerkelsen til alle på linklista mi. Mykje inspirasjon å hente hos dokke. Takk for alle helsingane eg har fått når eg har vore sjuk. God 17.mai til alle.
torsdag 15. mai 2008
onsdag 14. mai 2008
tirsdag 13. mai 2008
Dear Jane.

Etter lang ufrivillig sy og blogg pause er eg endelig i gang att. Det som skulle vere ein liten operasjon i foten vart over lengre tid. Operasjon var dagkirurgi, men etter få dagar gikk det betennelse i alle såra. Vart innlagt på sjukehuset i Førde, var der i fem døgn. Når eg kom heim sto Bjørka så grønn og fin, Tulipanane sto i full blomst. I helga har det vore søskenbarntreff på mannen si side, veldig kjekt, men hadde ønska formen var bedre. Helsa er bedre, men det tar si tid å få betennelsen vekk. Satsar på mykje sying i dagane framover. I dag har eg sydd Dear Jane blokker ute.
tirsdag 29. april 2008
Løpar.
søndag 27. april 2008
Dear Jane.
Fem nye blokker av Dear Jane. Kjekt å sy, det er gode forklaringar på bloggen Dear Baby Jane.Har fjorten ferdige blokker, det er ein begynnelse!
lørdag 26. april 2008
Vennskapsugler.

Har sydd sju vennskapsugler. Det vart sett igang på Hobbyboden av Liv-Toril. Dei var kjekk å sy, enkle når ein har mønster. Må sitte med foten høgt etter ein operasjon så dette var greit å få til når ein må bruke "feil" fot på pedalen. Tusen takk til Liv-Toril.
mandag 21. april 2008
Vognteppe.
søndag 20. april 2008
STITCH 2008.
Da er mai stitchery ferdig. Denne månaden er det Tone som har designe mønsteret. Takk til ho for eit koseligt bilde.lørdag 19. april 2008
Russ 2008.



Yngste jenta er Russ. Syrommet mitt har vore brukt av disse to jentene for å få ferdig russekleda.Bilen vart ferdig til russesleppet i dag, dei er sju stykker som har bil. Her er jenta klar for feiring. Håpar dei får ei kjekk tid dei kan tenke tilbake på. Ho mor skal prøve å ikkje bekymre seg for mykje!
søndag 13. april 2008
Dear Jane,

Denne helga har det vorte seks blokker med Dear Jane. Det er kjekt og lærerikt. Prøver å følge bloggen Dear Baby Jane, har ikkje meldt meg på da engelsken min ikkje er så sprek. Prøver å følge blokkene, det er veldig godt forklart. Eg skulle ha lånt boka som vi har i klubben,kanskje eg kan låne den med den som har den snart. Kanskje nokon veit om det er ei side på nettet med mønstera på blokkene?
torsdag 10. april 2008
Dear Jane,
Eg har sydd tre Dear Jane blokker, desse var enkle å sy. Vart inspirert av Hanne når vi hadde Regiontreff her. Går med ein liten draum om ein gong å sy alle blokkene. Ikkje alle draumane mine går i oppfylling, men dette er ein begynnelse.Vinku.
onsdag 2. april 2008
søndag 30. mars 2008
Region treff.
I dag har Nordfjord Lappe- og quilteklubb arrangert regiontreff,treff for lappedamer i Sogn og Fjordane. Det har vore ei kjempeflott utstilling med mange fine arbeid. Hanne Schneider har holdt eit interessant foredrag om Dear Jane. Ei entusiastisk dame som forhåpentligvis vekte Dear Jane interessa hos mange. Takk til Hanne.tirsdag 25. mars 2008
fredag 21. mars 2008
Byhaner.
onsdag 19. mars 2008
Skeive og buede linjer.

Endelig har eg fått til løparen.Gikk kurs med Birthe Lee Tveit for eit år sidan. Når eg skulle sy på den svarte kanten var framgangsmåten borte vekk for meg. Prøvde mange lure måtar men måtte ta den med på Lappeklubb møte før eg forsto. Kanskje det er lurt å skrive ned det ein lærer når ein er på kurs! Sissel R,da er bursdagspresangen din ferdig 17 dagar for seint.
Ønsker god påske til dei som er innom bloggen min!
tirsdag 11. mars 2008
søndag 9. mars 2008
Vinku.
lørdag 1. mars 2008
Pulverheksa.
Dette prosjektet held eg på med no.Kjøpte denne boka på salg i 2004.Tok den med i barnehagen og den vart veldig populær i lesestundene.Ein av mine kollegaer vart så begeistra. Etter ho var på teater som gikk i januar laga ho alle figurane.Eg er imponert,ho syr ikkje, har brukt limpistol og farge.Så kom ein sms til meg ein dag, ho trengte sydame. Ho måtte ha veske til dei,eg sa ja.Kan ikkje seie nei til eit så spennende prosjekt,men korleis skulle den vere! Har tenkt og kommet så langt som dette.Sidene og bunnen er nesten ferdig,skal lage ende sider og etter kvart.

søndag 24. februar 2008
Irish chain.
Toppen på teppet er ferdig.Det vart 135*210 cm.Har bestemt at det skal vere flis på baksida av teppet,men kor får eg fatt i gammelrosa flis? Bilda eg tar med foto apparatet mitt blir finast når dei er tatt ute.Fotografen er kanskje udugelig,det er eit Olumpus u-mini 5,0 megapixel.Når eg ser på andre sine bloggar har dei utrulig fine bilder. På dette teppet kjem ikkje fargane heilt fram, dei er mykje finare enn her.Det vart mykje styr å fotografere dette.La det på veranda gulvet der det var tørt,så kom vinden å bles brett på det. Rakk aldri legge det fint før det vart bretta igjen.Så kom Klara, ho ville også vere med på dette, da ga eg opp, hengte det på klesnora.Ho har leika med det før så eg måtte sprette og skifte ut ei rute.Ho likar å leike med mine leikar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)





























