
Det har vorte fire nye Vinkuer.
I helga har eg vore på kurs med Andre' Rustad Wallenborg. Inspirerende og lærerikt.Kurset starta med teori rundt hans bedrift. Han er designer og syr vesker. Ikkje til kven som helst han syr vesker, kjente personer kjøper dei. Han har designa og sydd kjole til kronprinsessa. Kjem til å sjå nøye på alle bilder av kronprinsessa om ho har Wallenberg veske heretter. Vi kjøpte materialpakker av han der alt vi trengte var, vi bestemte sjølv kva stoff vi ville ha til framstykke. Vi sydde små vesker og fikk undervisning etter kvart vi gikk fram. Eit veldig kjekt kurs der eg lærte mykje. Primula design v/Ingun stod for arrangementet for kurset.
Brikke til serveringsbrettet. Mønsteret "brødkorga" hadde vi som tema på Lappeklubb møte i mai. Det har eg funne ein eller anna plass på nettet, koslig syarbeid. Brettet er gamalt, har vorte måla kvitt. Framgangsmåte på malinga av brettet fant eg på Julianns blogg.
Sommar brikke på utebordet. Mønsteret er opprinnelig fra Frokost på ein hestehov! Quiltemagasinet 2/07 , design AnnaKa. Eg har tatt ideen fra Anne-Grethe sin blogg og i Quiltemagasinet 5/07, synest det vart veldig sommarlig.

Tusen takk til Rita for utmerkelsen. Veldig kjekt å få, Rita du er ei eg begynnte tidlig å sjå på bloggen til, eg har ofte beundra dine fine arbeid.
Fem nye blokker av Dear Jane. Kjekt å sy, det er gode forklaringar på bloggen Dear Baby Jane.
Da er mai stitchery ferdig. Denne månaden er det Tone som har designe mønsteret. Takk til ho for eit koseligt bilde.



Eg har sydd tre Dear Jane blokker, desse var enkle å sy. Vart inspirert av Hanne når vi hadde Regiontreff her. Går med ein liten draum om ein gong å sy alle blokkene. Ikkje alle draumane mine går i oppfylling, men dette er ein begynnelse.
I dag har Nordfjord Lappe- og quilteklubb arrangert regiontreff,treff for lappedamer i Sogn og Fjordane. Det har vore ei kjempeflott utstilling med mange fine arbeid. Hanne Schneider har holdt eit interessant foredrag om Dear Jane. Ei entusiastisk dame som forhåpentligvis vekte Dear Jane interessa hos mange. Takk til Hanne.
