Har laga strikkepose til ein kollega. Greie poser til å ha strikketøyet i. tirsdag 12. april 2011
mandag 11. april 2011
Region treff 2011.
Tusen takk til Quiltedamene i Florø Husflidslag for ein kjekk dag i Florø søndag. Kari Renolen var der å fortalte om bladet My quilt, kjekt å høyre korleis dei får inspirasjon til dette. Ho hadde med mange av modellane til mønstra i bladet. Vi fekk sjå, studere og kjenne på dei, veldig kjekt. Da vart eg selvfølgelig abbonent av bladet. torsdag 17. mars 2011
Buggy Barn.

Alle blokkene er sammensydde og sydd på eit flees bakstykke. Quiltinga står for tur, tenker å sy rundt alle stjernene. Dette var veldig kjekt å sy, hadde eit kveldskurs med Elin, Lappetausa. Trur ikkje eg har kjøpt eit einaste stoff til dette spesielt. Har sydd sammen og fått brukt restar av gamle stoff eg har hatt liggande. Dei brune og lyse stoffa har minka, har iallefall oversikt over kva eg har igjen.
onsdag 2. mars 2011
Puter.
Da har eg fire nye puter i sofaen, fekk inspirasjon til å lage dei når eg gjekk på kurs. Sjå tidligare innlegg. Fått spørsmål om overføring av bilder til stoff, Bentes Quiltehage har lagt ut god framgangsmåte på dette. Hugs speilvend bilda før dei blir printa ut og arket det skal overførast på blir lagt rett veg. Har litt erfaring fra dette!mandag 14. februar 2011
Hjerte-teppe.

Da er siste blokka av Hjerte-teppet ferdig applikert. Dette er midt blokka i teppet. Da skal sammensyinga starte, trur det skal bli veldig fint teppe, nydlige fargar. Er ein bom som Quiltekroken har sent ein gong for månaden i 2010.
I forrige innlegg hadde eg laga symaskinveske, mønster og ideen har eg tatt fra ei bok. Det er fra boka "Slipp fargene løs! - med lapper", av Hanne Asplin Firman. Eg har tilpassa størrelsen etter symaskina.
onsdag 9. februar 2011
Veske til reisesymaskin.
mandag 7. februar 2011
Krus matter.
søndag 23. januar 2011
onsdag 19. januar 2011
lørdag 8. januar 2011
Krus matter.
søndag 2. januar 2011
Systart 2011.
fredag 31. desember 2010
Romjulsying.
mandag 27. desember 2010
Julegaver.
torsdag 2. desember 2010
Adventsløper.
mandag 8. november 2010
"Miss Svin"
lørdag 6. november 2010
Nostalgisk løper.
tirsdag 2. november 2010
"Håndbagasje"
mandag 1. november 2010
Min nostalgiske verden.
I helga har eg vore på kurs med Hilde Gunn Damman, har vore kjekt og inspirerende. Har sydd løpar, lysholder og pute. Alt var ferdig til å ta med heim, la løparen på bordet laurdag kveld.onsdag 27. oktober 2010
Strikkeose.
Her har eg brukt decopage på motivet, Øyenstikkaren fant eg på ein serviett. Er spent på holdbarheta på motivet, nokon som har erfaring med det. Posen er sydd etter framgangsmåten til Timotei, tusen takk til deg som deler med oss.søndag 24. oktober 2010
Rundpinnemapper.
Har vorte litt produksjon av rundpinnemapper, greit å få samle dei på ein plass så ein slepp å leite. Mønsteret har eg funne med Marita, tusen takk til ho som deler med oss andre.torsdag 21. oktober 2010
Poser.
søndag 10. oktober 2010
Sjal.

Hausten er her og det er kaldare i lufta. To sjal er ferdig, enkelt strikk som er greit å ha tilgjengelig til ein kvar tid. Kjøpte mange fine perler når eg var på Naxos i september, som eg har brukt her. Har mykje sying på gang men lite blir ferdig så eg kan vise det her. Takk for alle hyggelige kommentarar på teppet eg hadde i forrige innlegg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)







































