
I haust har eg sydd mange små vesker til å ha mobil i, vart veldig populær blant vennene til eldste datter. Mønsteret fant eg her på denne bloggen. Kjekt med litt personlig vri, farger og litt perler som passer.

Heilt på tampen av året vart eg ferdig med resteteppet. Begynnte å quilte, men vart ikkje fornøyd, da vart det liggande. Tok det igjen i romjula og da vart det frihansquilting av teppet. Romjula vart ikkje heilt som planlagt, "Dagmar" reiste med delar av taket på huset vårt. Utrivelig 1.juledagskveld, ingen vart skada, tak og veggar som vart våt kan reparerast.
Desse var veldig smarte, til å ha smykker, øredobber eller andre små ting i. Det som er ned i dett ikkje ut om den ligg i toalettveska. Eg fekk ein slik fra Elin (takk til ho) i vår, det var som takk for at ho fekk "sjå "på bloggen min. Eg brukar den med øyredobbar i, om det er diamantar kan vere hemmelig. Dette vart nokre vennegaver, håper dei forstår kva den skal brukast til no.
Har sydd to tepper til "Tepper som varmer" aksjon i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Kan lese meir om det her. Har brukt ein del blokker og oppskjærte kvadrat eg har hatt liggande. Begge er det flees på baksida. Håper vi kan få ei fin utstilling av dei som er sydd når vi skal ha Låvemesse 3-4 september!
Helga for 2 veker sida var ein del medlemmar i Nordfjord Lappe-og Quilteklubb på Blåtur. Turen var kjent men det vi skulle sy var "blått". Fekk to oppgåver vi skulle gjere klart, dette vart resultatet etter den eine delen. Vi hadde ei kjekk helg, laurdag var vi ilag med quiltedamer fra Vestnes og omeng. Magnhild Tautra var kursansvarlig og ho viste oss sine flotte premietepper. Hadde flott Vis og Fortell gjennom heile dagen, fekk mykje inspirasjon til å ta med heim. Takk til damene der som stillte opp. Fleire bilder fra turen ligg på klubben sin blogg her.
Sommarduken har fått to navn på, har vore på ferie i to veker. Har vore på Madeira og Porto Santo. Var to døgn på Porto Santo, ei lita øy nord aust for Madeira. Resten av tida har vorte brukt på Madeira, ein opplevelses ferie. Varmt, sola skein ikkje alle dagane, det var noko vi hadde rekna med. Fin øy med mykje flott blomster.
Vel overstått nasjonaldag, håper alle har hatt ein fin dag. Her har det vore regn og skodde ned i fjella, frista ikkje å gå i tog da. Brukar å gå i nesten alle toga men er ikkje kjekt med våt bunad. Når det vart kveld kom sola, da kom bukse og allversjakke på, Klara og eg hadde ein fin tur rundt i bygda. Dette nettet sydde eg for ei stund sida.
Tusen takk til Quiltedamene i Florø Husflidslag for ein kjekk dag i Florø søndag. Kari Renolen var der å fortalte om bladet My quilt, kjekt å høyre korleis dei får inspirasjon til dette. Ho hadde med mange av modellane til mønstra i bladet. Vi fekk sjå, studere og kjenne på dei, veldig kjekt. Da vart eg selvfølgelig abbonent av bladet. 
Da har eg fire nye puter i sofaen, fekk inspirasjon til å lage dei når eg gjekk på kurs. Sjå tidligare innlegg. Fått spørsmål om overføring av bilder til stoff, Bentes Quiltehage har lagt ut god framgangsmåte på dette. Hugs speilvend bilda før dei blir printa ut og arket det skal overførast på blir lagt rett veg. Har litt erfaring fra dette!