Toppen er sydd sammen, quiltinga står for tur. Håper Ranjan blir fornøyd med sammensettinga av rutene.
søndag 29. mars 2009
Krabbetteppe oppdatering.
Toppen er sydd sammen, quiltinga står for tur. Håper Ranjan blir fornøyd med sammensettinga av rutene.
lørdag 28. mars 2009
tirsdag 24. mars 2009
søndag 15. mars 2009
mandag 9. mars 2009
Nett.
søndag 8. mars 2009
torsdag 5. mars 2009
Spisebrikker.
onsdag 4. mars 2009
Krabbeteppe.
Ei eg er tante til skal ha baby snart, har lova å sy krabbeteppe. Ho har valgt stoffa sjølv, vart ein del rosa stoff! Dei er kjøpt på Primula.mandag 2. mars 2009
Bursdagspresang.
lørdag 28. februar 2009
"Ung løper"
onsdag 25. februar 2009
Trusepose.
Har sydd trusepose til eldste dattera. Ho er vekke 14 dager om gongen, måtte vere litt stor. Har overført bilde av hunden hennar, ho Klara på stoff. Har hatt liggande ark som eg har kjøpt på Clas Olson,kopierte bilde på arket og strauk det på stoffet. Blir spennende å sjå kor holdbart dette blir. Nokon som har erfaring? søndag 22. februar 2009
Kurshelg.
Kurs med Anne Beier Finnestad, stoppefoten. Har hatt ei kjempe kjekk helg, sydd mykje på tre dagar. Dette er mitt tredje kurs med denne dama, eg likar veldig godt å vere på kurs med ho. Får lære mykje og ho er veldig flink med fargar. Denne gongen var det Lappestua Eid som arrangerte kurset.
To løparar vart det, spennende teknikkar. Ho hadde fine modellar med, vi kunne velge og vrake. Det vart ein juleløpar og ein anna løpar på meg. Merkelig eg er ikkje heilt ferdig med jula enda, skal bli kjekt å finne når den tid kjem.
Jula varer heilt til påske....
Søndag vart det trusepose, no har eg det og. Har sett slike på bloggar før. Her var det berre å bruke restar, hadde litt på lur i veska, tråd, angelina og stoff. Slike skal det bli fleire av, kjekke gaver.mandag 16. februar 2009
Søndagspusleri.

Har sydd noken fleire koffertlappar. Merkelappane er sydd saman av små stoffprøver som eg har fått tilsendt for mange år sidan.Vi quiltedamene utnyttar dei minste lappar. Fant ein ide i eit Quiltemagasin fra i fjor,eit hjerte. Det er sydd av lilla restar. Har hatt ei nål bak så det kan brukast som pynt på ein genser eller topp.lørdag 14. februar 2009
Merkelappar.
Har ikkje planar å reise på ferie enda men hadde lyst å lage koffert lappar. Lagde ein stor og ein som vart liten. Kjem nok til å lage fleire slike, det var kjekt å sy sjøv om eg hadde litt problem med å sy på plasten. Brukte maskeringstap for at det skulle gå under labben.
torsdag 5. februar 2009
Nålepute.
På møte i Nordfjord Lappe og Quilteklubb hadde vi sying av nålepute denne gongen. Det vart ei stor nålepute, men eg synest den vart veldig koselig. Mønster forslag var det Strikkemor(o) som hadde. Takk til ho for det.
søndag 1. februar 2009
Oppheng m/lommer.
onsdag 28. januar 2009
Stitching klubben.
søndag 25. januar 2009
Brettbrikke.

Ny brikke til brettet på kjøkkenet.Mønsteret på vasen m/frukt får ein ferdig påtegna hos Primula.
No ser vi sola for første gong i år på huset. Klara ønsker tur og det må ho få i solskinnet. Ut på tur aldri sur.
lørdag 24. januar 2009
Strikkepinnemappe.
Her har det vorte strikkepinnemappe for dei lange og korte strikkepinnene. Har og laga plass til heklekrokar, har fått melding om at no var pinnane på plass. Ho som skulle ha dette var fornøyd.
Vottar.
Desse vottane fekk eg når Sissel fekk strikkepinnemappe.Godt bytte, dei er gode og varme. Eit par skulle eg bruke på jobb i barnehagen og eit par skulle eg bruke når eg er ute å går meg Klara. Brukte dei på tur i går kveld, dei var gode og varme.
søndag 18. januar 2009
Award.
Har fått denne fra tre bloggere,Mariann S, Strikkemor(o) og Hallingjenta. Tusen takk til dokke alle. Sett pris på at de ser i bloggen min og gir ein kommentar.Vanskelig å sende den vidre, ser dei fleste som eg følger har fått denne. Brukar ikkje så lang tid på å sjå over alle bloggene som tidligar. Ser innom dei som har oppdatert i lista mi, tida går fort og det blir mindre tid til andre hobbyer når eg sitt ved dataen.
Takk for awarden, sender ei helsing til alle som er innom.
søndag 11. januar 2009
Rundpinnemappe.
Ein kollega ønska seg strikkepinne mappe. Har sydd rundpinnemappe i dag. Mønsteret fant eg på sida til MaritaBK, takk til ho for at ho har lagt ut mønsteret.
Løper.
søndag 4. januar 2009
Dear Jane.

I det nye året har det blitt ein del DJ blokker. I haust vart det andre ting og da datt eg av, målet var å følge bloggen med DJ blokker. Her er det gode forklaringar på alle blokkene. Ikkje alle blokkene er eg fornøyd med, men det får gå. Enkelte er det ikkje mykje arbeid på, men andre er det mykje arbeid på. Må vel innrømme at eg brukar sprettekniven ein del, er ikkje alltid nåla går der eg har tenkt. Kjekt er det å pusle med dette, men enkelte gonger må eg legge det til side å ta det igjen seinare.
STITCH 2008.
Siste av Stitch 2008, dette vart desember motivet. På Hobbyboden har det vore eit nytt motiv for kvar månad, det har vore lagt ut av forskjellige damer. Denne gongen var det Glimt ,takk til ho for fint motiv. Hadde glømt å lagt det ut, har vore ferdig ei stund. Kikka innom bloggen Stitch 2008 da kom eg på det. Neste utfordring blir å sy det sammen, er ikkje enig med meg sjølv om det skal vere eit stort teppe eller lite teppe.fredag 2. januar 2009
Handarbeidsparty.
Da er eg med på handarbeids party i kveld. Kaffen er hatt i krusa som eg fekk til jul. Fekk den av ei god barndomsveninne, krusa er laga på Tremek på Vestnes. Den skal bli med meg på jobb i barnehagen, eg vart veldig glad for den. Takk Sissel.Party.
I kveld vart eg invitert på party. Det er fest med MUFFIN. Steinkjerringa tipsa meg om å bli med der. Andre som blir med gå til MUFFIN for å sjå kva det går ut på!
Tur i romjula.
Poser til poser.
onsdag 31. desember 2008
Godt nyttår.
onsdag 24. desember 2008
God Jul.
Julenisse.
tirsdag 23. desember 2008
Abonner på:
Innlegg (Atom)





































