I helga har Nordfjord Lappe- og Quilteklubb hatt kurs. Vi kutta firkantar med to stoff og vatt i miten i mindre bitar og sydde dei sammen igjen. Kjekt kurs, løparane vart ferdige når saumane var sydd. Denne skulle vere svart og kvit, bestilling fra Bergen. Var vanskelig å bestemme kva den andre sida skulle vere, vart mest fornøyd med den grå sida. Kan brukast på begge sider.søndag 30. august 2009
Kurs i "Tosidig quilt"
I helga har Nordfjord Lappe- og Quilteklubb hatt kurs. Vi kutta firkantar med to stoff og vatt i miten i mindre bitar og sydde dei sammen igjen. Kjekt kurs, løparane vart ferdige når saumane var sydd. Denne skulle vere svart og kvit, bestilling fra Bergen. Var vanskelig å bestemme kva den andre sida skulle vere, vart mest fornøyd med den grå sida. Kan brukast på begge sider.onsdag 26. august 2009
mandag 24. august 2009
Brødkorg.
lørdag 22. august 2009
Hjertelig glede.
Da er blokk nr 3 ferdig. Veldig greit å få ferdig blokkene etterkvart som eg mottar dei. Dette er månedsabonnement fra Quiltekroken.
tirsdag 18. august 2009
Grytekluter.
lørdag 8. august 2009
Spisebrikker.
søndag 2. august 2009
Hjertelig glede.
lørdag 1. august 2009
Bladbilde.
søndag 26. juli 2009
Stitchingklubben.
fredag 24. juli 2009
Puter og posesamlar.
tirsdag 21. juli 2009
Blåtur arbeid.
Dette er arbeid vi fekk utdelt på årets Blåtur i Nordfjord Lappe og Quilteklubb. Husflidstausa var ein av arrangørane, ho hadde lagt mykje arbeid i presangen vi fekk. Fekk to pakkar kvar med stoff, tråd og malar. Ferdige arbeid skal leverast på lappemøte til hausten. Takk til Husflidstausa for ein kjekk Blåtur i Bremanger. Det blir ikkje mykje sying for tida, men desse er no ferdige til levering.mandag 13. juli 2009
Kråkenes fyr.
Dette har eg sydd av stoffet vi fekk på blåturen i Lappeklubben i fjor. Alle som var med fekk 4 stoff og skulle lage noko av det. Har ikkje hatt ideen før no, fant bilde av fyret på nettet. Greide etter mykje prøving og feiling å speilvende bilde, kopierte det og strauk det på stoff. Dette er resultatet mitt.torsdag 2. juli 2009
"Pynt til det lille rom"
fredag 19. juni 2009
Vinku.
tirsdag 16. juni 2009
fredag 12. juni 2009
Løper.
mandag 1. juni 2009
Papirpose i stoff.
Veske etter mønster fra boka "Lapper for ein hver anledning" av Helle C.E.Løvenskjold. Vart inspirert av Strikkemor(o) til å sy denne. Vi var på foredrag med ho i Førde i april.søndag 24. mai 2009
Kurs.
I helga har eg vore på kurs med AnnAKa, endelig var det min tur til å gå på kurs med ho. AnnAKa er ei av dei eg synest er størst i lappeteknikk i Norge. Har alltid likt mønstra hennar og dei har god forklaring. Eg har sydd dette bladbilde, spennende med applikasjon, maling og snorsying. Primula var arrangør av kurset og Ingun laga god mat til oss. Takk til Ingun at ho laga til dette kurset.
Takk til Ann at ho tok den lange veien til Nordfjor. Her med ein modell som var til inspirasjon, kurset var ikkje på denne.
Ann losa oss fint gjennom helga, her er det undervising i quilting. Mange nye ideear og smarte løysingar har eg lært denne helga.
Takk til Ann at ho tok den lange veien til Nordfjor. Her med ein modell som var til inspirasjon, kurset var ikkje på denne.
Ann losa oss fint gjennom helga, her er det undervising i quilting. Mange nye ideear og smarte løysingar har eg lært denne helga.
lørdag 16. mai 2009
16 mai.
søndag 10. mai 2009
Løper.
Denne løparen har eg laga til ein kollega, ho skal ha den til ei gave. Har brukt teknikken eg lærte på kurs med Anne Beier Finnestad. Laga påskeløper med samme fargesammensettinga men med anna effekt til pynt.
mandag 4. mai 2009
Juleløper.
fredag 1. mai 2009
Krabbeteppe.
Da er krabbeteppet til jenta som vart fødd 5 april ferdig. Ho heiter Olina, eg er tante til mammaen. Ho har tatt ut fargane sjølv og ønska å ha noken hemper i lukkekanten. Hempene skal brukast til å feste leikar på teppet. Måtte ta bilde ved den fine Rododendroen som blomstrar no. Teppet skal bli overlevert i morgo, skal bli kjekt å sjå Olina. Håper mammaen blir fornøyd med teppet.
søndag 26. april 2009
Grytekluter.

Lite sying for tida, våren er fin her på Vestlandet, det får ta skulda. Blir mykje fine turar i terrenget, det er kanskje like sunt. Vart litt inspirert på Regiontreffet sist søndag, der var det nokon som sydde gryteklutar på denne måten. Kjekt å sette sammen stoff til crazy blokk og bruke fine pyntesaumar på den.
mandag 20. april 2009
Regiontreff 2009.
I går var det region treff Sogn og Fjordane i Førde. Det starta kl 12.00 med eit inspirerende foredrag av Helle C.E.Løvenskjold. Ho fortalde om si quiltehistorie, fekk oss til å le og klappe. Ho hadde mange flotte arbeid ho viste oss.
Dette er eit av Boggy Barn teppa henna.
Ein heil gymsal på barneskulen var fyllt med flotte arbeid.
Det var ein kjekk dag i Førde med Betasuppe til middag og eit stort bord med salg av kaffe og gode kaker. Mange butikkar hadde tatt vegen til Førde denne dagen. Kjøpte ein kit med stoff og mønster til ei veske på Quiltekroken.Meldte meg også på månedsteppe med Quiltekroken som startar i mai. Andre stoff vart ikkje kjøpt, har egentlig ikkje noko på gang i tankane. Butikkane her på Eid var der med sine stoff og dei rekk ein om noko dukkar opp.onsdag 8. april 2009
Påskeløper.
fredag 3. april 2009
Vinkuer.
søndag 29. mars 2009
Krabbetteppe oppdatering.
Toppen er sydd sammen, quiltinga står for tur. Håper Ranjan blir fornøyd med sammensettinga av rutene.
lørdag 28. mars 2009
tirsdag 24. mars 2009
søndag 15. mars 2009
mandag 9. mars 2009
Nett.
søndag 8. mars 2009
torsdag 5. mars 2009
Spisebrikker.
onsdag 4. mars 2009
Krabbeteppe.
Ei eg er tante til skal ha baby snart, har lova å sy krabbeteppe. Ho har valgt stoffa sjølv, vart ein del rosa stoff! Dei er kjøpt på Primula.mandag 2. mars 2009
Bursdagspresang.
Abonner på:
Innlegg (Atom)







































