søndag 6. september 2009

Tosidig løpar.

Det var kjekt å sy desse løparane, starta når eg kom heim fra kurset å sy denne. Denne har eg lagt i posten så mi mor skal få den. Dette er fargar som passar i stua hennar, trur nok ho blir glad for noko nytt. Eine sida er lik den forige løparen, det var når eg såg den at eg fant ut at det var farger til henna stue.


søndag 30. august 2009

Kurs i "Tosidig quilt"

I helga har Nordfjord Lappe- og Quilteklubb hatt kurs. Vi kutta firkantar med to stoff og vatt i miten i mindre bitar og sydde dei sammen igjen. Kjekt kurs, løparane vart ferdige når saumane var sydd. Denne skulle vere svart og kvit, bestilling fra Bergen. Var vanskelig å bestemme kva den andre sida skulle vere, vart mest fornøyd med den grå sida. Kan brukast på begge sider.
Anne Karin Myren fra Ålesund var kursholdar. Ho hadde mange fine modellar.




onsdag 26. august 2009

Toalettveske.


Har sydd toalettveske som skal vere ein presang. Har brukt mønsteret "Stor og liten" av AnnAKa.

mandag 24. august 2009

Brødkorg.

Lappeklubben skal ha utlodding, dette blir mitt bidrag. Stitchery sydd med brun molenegarn. Har vorte litt rosa og brunt her med meg i det siste, synest det er fin fargekombinasjon.

lørdag 22. august 2009

Hjertelig glede.


Da er blokk nr 3 ferdig. Veldig greit å få ferdig blokkene etterkvart som eg mottar dei. Dette er månedsabonnement fra Quiltekroken.

tirsdag 18. august 2009

Grytekluter.


Grytekluter får ho kanskje bruk for når ho flytter til Bergen. Mor må passe på så utstyret er i orden. Håper dei blir brukt når det blir koking og steiking. Dei vart i samme "sjangeren" som spisebrikkene.

lørdag 8. august 2009

Spisebrikker.


Har sydd spisebrikker, tok ideen fra Quiltekroken som hadde butikk på Regiontreffet i april. Spisebrikkene skal til Bergen, når ein flytter for seg sjølv må mor sende med heimelaga ting.

søndag 2. august 2009

Hjertelig glede.

Blokk nr 2 er ferdig. Rakk det akkurat før nr 3 kjem, har fått melding om at den er på veg. Dette er eit månedsabonement fra Quiltekroken.

lørdag 1. august 2009

Bladbilde.


Har sydd eit bilde til fra kuset eg gjekk på i vår med AnnAKa.Svigerinna mi bestillte eit med det samme det var lagt ut på bloggen. Teppet er ferdig og blir levert ved første høve til sending til Romsdalen. Kanskje kjem ho å hentar det?

søndag 26. juli 2009

Stitchingklubben.

Da er dei tre siste sendingane fra Stitchingklubben Jordbærstedet ferdig sydd. Stoffet som følgde med pakkene ligg klar for å lage noko ut av dette. Har ikkje funne ut kva eg skal lage. Det får ligge ei stund så kjem sikker ein ide ein gong.

fredag 24. juli 2009

Puter og posesamlar.


Yngste jenta skal til Bergen på skule til hausten og da kan det vere greit med utstyr. Jenta var kjempeglad i går når det hadde lykkast å få leilighet, ho og ei veninne skal bo ilag. Jenta er glad for det eg lagar til ho, kjekt for meg med slikt arbeid.

tirsdag 21. juli 2009

Blåtur arbeid.

Dette er arbeid vi fekk utdelt på årets Blåtur i Nordfjord Lappe og Quilteklubb. Husflidstausa var ein av arrangørane, ho hadde lagt mykje arbeid i presangen vi fekk. Fekk to pakkar kvar med stoff, tråd og malar. Ferdige arbeid skal leverast på lappemøte til hausten. Takk til Husflidstausa for ein kjekk Blåtur i Bremanger. Det blir ikkje mykje sying for tida, men desse er no ferdige til levering.

mandag 13. juli 2009

Kråkenes fyr.

Dette har eg sydd av stoffet vi fekk på blåturen i Lappeklubben i fjor. Alle som var med fekk 4 stoff og skulle lage noko av det. Har ikkje hatt ideen før no, fant bilde av fyret på nettet. Greide etter mykje prøving og feiling å speilvende bilde, kopierte det og strauk det på stoff. Dette er resultatet mitt.

torsdag 2. juli 2009

"Pynt til det lille rom"

I dag har systra mi bursdag. Har tenkt lenge eg skulle sy ein slik til ho, har vore i produksjon lenge. Dette vart da bursdagspresangen til ho.

fredag 19. juni 2009

Vinku.

I går kveld vart det ei vinku, snill mor stiller opp når døtrene treng presanger. Eldste jenta skal i bursdag i kveld og synest det hadde vore kjekt å gi vinku. Hadde ei halvsydd ku liggandes og etter nokre timar vart denne ferdig.

tirsdag 16. juni 2009

Hjertelig Glede


Har meldt meg på månedsabonnement i Quiltekroken. Det flotte teppet var utstilt på Regiontreffet i Førde. Eg lot meg friste til å bli med og no er første blokk ferdig.

fredag 12. juni 2009

Løper.

Løpar som skal vere gave. Yngste jenta låner hest med ei dame og ønskar å gi dama ei gave som mor har sydd. Dama har flytta i nytt hus og vi håpar løparen passar i fargane.

mandag 1. juni 2009

Papirpose i stoff.

Veske etter mønster fra boka "Lapper for ein hver anledning" av Helle C.E.Løvenskjold. Vart inspirert av Strikkemor(o) til å sy denne. Vi var på foredrag med ho i Førde i april.

søndag 24. mai 2009

Kurs.

I helga har eg vore på kurs med AnnAKa, endelig var det min tur til å gå på kurs med ho. AnnAKa er ei av dei eg synest er størst i lappeteknikk i Norge. Har alltid likt mønstra hennar og dei har god forklaring. Eg har sydd dette bladbilde, spennende med applikasjon, maling og snorsying. Primula var arrangør av kurset og Ingun laga god mat til oss. Takk til Ingun at ho laga til dette kurset.
Takk til Ann at ho tok den lange veien til Nordfjor. Her med ein modell som var til inspirasjon, kurset var ikkje på denne.
Ann losa oss fint gjennom helga, her er det undervising i quilting. Mange nye ideear og smarte løysingar har eg lært denne helga.

lørdag 16. mai 2009

16 mai.

Rusletur i fjøra. Er i heimbygda mi, trur det er 30 år sidan sist eg var her 17 mai. Foreldra mine er ikkje friske og trengte hjelp, da var det godt å kunne hjelpe til. Ein fin kveld, stilt og rolig i bygda.
Naust rekka, som perler på ei snor.

Fuglane flykta når eg nerma meg. Ei svane letta plutselig, vart for sein med kamera.

Bildet er tatt mot Molde. Er stemning der i kveld, uavgjort fotballkamp!



Vike kirke, den vart bygd tidlig på 70 tallet.




søndag 10. mai 2009

Løper.


Denne løparen har eg laga til ein kollega, ho skal ha den til ei gave. Har brukt teknikken eg lærte på kurs med Anne Beier Finnestad. Laga påskeløper med samme fargesammensettinga men med anna effekt til pynt.

mandag 4. mai 2009

Juleløper.

Jula varer heilt til påske, men no er den over og mai er her. Begynnte på denne mellom jul og nyttår, har tatt sin tid. Denne sto i Quiltemagasinet 5/08, eit mønster fra AnnAKa. Har snudd alle hjerta i kvar ende feil veg, oppdaga det etter den var quilta, men kva gjer vel det.

fredag 1. mai 2009

Krabbeteppe.

Da er krabbeteppet til jenta som vart fødd 5 april ferdig. Ho heiter Olina, eg er tante til mammaen. Ho har tatt ut fargane sjølv og ønska å ha noken hemper i lukkekanten. Hempene skal brukast til å feste leikar på teppet. Måtte ta bilde ved den fine Rododendroen som blomstrar no. Teppet skal bli overlevert i morgo, skal bli kjekt å sjå Olina. Håper mammaen blir fornøyd med teppet.

søndag 26. april 2009

Grytekluter.


Lite sying for tida, våren er fin her på Vestlandet, det får ta skulda. Blir mykje fine turar i terrenget, det er kanskje like sunt. Vart litt inspirert på Regiontreffet sist søndag, der var det nokon som sydde gryteklutar på denne måten. Kjekt å sette sammen stoff til crazy blokk og bruke fine pyntesaumar på den.

mandag 20. april 2009

Regiontreff 2009.

I går var det region treff Sogn og Fjordane i Førde. Det starta kl 12.00 med eit inspirerende foredrag av Helle C.E.Løvenskjold. Ho fortalde om si quiltehistorie, fekk oss til å le og klappe. Ho hadde mange flotte arbeid ho viste oss.
Dette er eit av Boggy Barn teppa henna.

Ein heil gymsal på barneskulen var fyllt med flotte arbeid.


Det var ein kjekk dag i Førde med Betasuppe til middag og eit stort bord med salg av kaffe og gode kaker. Mange butikkar hadde tatt vegen til Førde denne dagen. Kjøpte ein kit med stoff og mønster til ei veske på Quiltekroken.Meldte meg også på månedsteppe med Quiltekroken som startar i mai. Andre stoff vart ikkje kjøpt, har egentlig ikkje noko på gang i tankane. Butikkane her på Eid var der med sine stoff og dei rekk ein om noko dukkar opp.



onsdag 8. april 2009

Påskeløper.

Den har eg sydd til min søster. Ho kommenterte mange gonger"Har ikkje quilta løpar i", da var det berre å sy, klart ho må ha det. Brukte teknikken eg lærte på kurs med Anne Beier Finnestad.

God påske til alle som er innom!



fredag 3. april 2009

Vinkuer.

Det har vorte noken Kuer, dei er populære. Desse har vorte til over tid, har sydd på desse langs med. Snart påske, kanskje det blir noko spennende inni dei!

søndag 29. mars 2009

Krabbetteppe oppdatering.


Toppen er sydd sammen, quiltinga står for tur. Håper Ranjan blir fornøyd med sammensettinga av rutene.

lørdag 28. mars 2009

Løper.

Denne løparen gjorde eg nesten ferdig på kurset med Anne Beier Finnestad, no er den heilt ferdig.

tirsdag 24. mars 2009

Bentes skulderveske.

Har sydd meg ny veske. Mønsteret er av Bente Malm, god beskrivelse og kjekt å sy.

søndag 15. mars 2009

Oppdatering krabbeteppe.

Litt oppdatering av krabbeteppet.

Ny trusepose.

Kjekt å sy slike. Ein får bruke fantasien. Kjekt å ha liggande om det blir ein bursdag ein skal i.

mandag 9. mars 2009

Nett.

Har sydd veske til Pulverheksa utstyr tidligare. Denne gongen fekk eg i oppdrag å sy eitt nett, veska hadde vorte for lita. Dette vart da resultatet.

søndag 8. mars 2009

Krabbeteppe.

Ei lita oppdatering i syinga av krabbeteppet. Har sydd 35 blokker, treng nok ca 100 stykker.

torsdag 5. mars 2009

Spisebrikker.


Har sydd fire spisebrikker av mønsteret "Ung løper". Dei går på samme plassen som løparen, til eldste jenta. Ho vart veldig glad for løparen. Ho fekk lilla løper til advent, den vart no skifta ut.

onsdag 4. mars 2009

Krabbeteppe.

Ei eg er tante til skal ha baby snart, har lova å sy krabbeteppe. Ho har valgt stoffa sjølv, vart ein del rosa stoff! Dei er kjøpt på Primula.
Har begynnt å sy sammen remser. Fortsettelse følger.... Har lova å legge ut på bloggen så den vordene mor får følge med.