Dette er resteblokker etter ein anna løper eg har sydd. Har vorte liggande som ein ufo, greit å få gjort ferdig. Klara likar alltid å legge seg opp på ting eg legg på gulvet. Ho fekk ordre om å sitte ved siden av, ikkje heilt godt, hadde vore best å krulle seg på løparen. Desse dyra er merkelige!lørdag 31. oktober 2009
Løper.
Dette er resteblokker etter ein anna løper eg har sydd. Har vorte liggande som ein ufo, greit å få gjort ferdig. Klara likar alltid å legge seg opp på ting eg legg på gulvet. Ho fekk ordre om å sitte ved siden av, ikkje heilt godt, hadde vore best å krulle seg på løparen. Desse dyra er merkelige!torsdag 29. oktober 2009
Liten pung.
onsdag 28. oktober 2009
Strikkepinne-etui.


Endelig er sylysta tilbake, det første som har vorte ferdig er etui til å ha strikkepinnene i. Vart litt overaska når eg kom på syrommet og såg alle prosjekta eg har på gang. Nei, overaskelsen vart ikkje stor, eg har hatt for store planar i haust. Kanskje får eg laga ferdig litt framover når eg sitt med foten høgt. Utrulig korleis ein innrettar seg så ein får sy, berre lysta er stor nok!
lørdag 24. oktober 2009
Carpe diem.
Grip dagen! Hausten er ei flott tid med eit stort fargespekter, her er bilde av ei bjørk eg sitt å ser på. Har ikkje tatt i handarbeid sida eg sydde på Jule-mysterie. Helsa sett ein av og til ut, må vente på prøver som tar tid for å vite kva det. Det er ikkje symaskinfoten og eg kjenner symaskina ventar. Ønsker alle ei flott haust helg!søndag 11. oktober 2009
Jule-sy-mysteriet ferdig.
Da er eg ferdig med jule-sy-mysteriet, dette var veldig kjekt å sy. Tusen takk til 9na som sette dette igang. Har brukt eit vatt som er spesielt for grytekluter, tjukt men samtidig godt å sy på. Har quilta i saumane.
Jule-sy-mysterie del 4.
Da er del 4 ferdig, enkle og greie blokker. Da er det berre sammensyinga igjen, må prøve å komme i mål før kvelden er omme.
Jule-sy-mysterie del 3.
Morgen sol har gull i munn, når eg er tidlig oppe blir del litt stitchery. Ein flott morgen med sola som klatrar over fjellet, har vore regn lenge. Da er del 3 av mysteriet ferdig. Det vart ikkje stoffa eg hadde plukka fram. Snik såg på løysinga i dag, slik er det når resultatet kjem før eg sydde stitcheriet. Trøst i at alle ikkje er komme like langt.
lørdag 10. oktober 2009
Jule-sy-mysterie del 2.
Eg er litt etter, men har ikkje hugsa å få med meg alt eg trengte til stitcheryet. Har vore på tur hos mine foreldre og skulle ha stitcheryet som handarbeid. Hadde gløymt vatt, da var eg like langt. Men no er eg heime og igang.
onsdag 7. oktober 2009
Jule-sy-mysterium del 1.
Har meldt meg på jule-sy-mysterium som 9na's smutthull har laga til. Blir tidlig å begynne på juleting men ikkje heilt julestoff eg har funne fram. Kanskje eg byttar ut noko, det var dette eg hadde liggande. Skal bli spennende å sjå resultat.
Vinnarlykke.
Var så heldig og vart uttrekt som vinnar på Primula sin butikk, eg svara på blondebruken på spisebrikka hennar.
I premie fekk eg dette mønsteret, det var veldig kjekt. Likar utrulig godt AnnAKa sine mønster.
Har problem med å legge ut bilder på bloggen uten å bruke Picasa for tida. Andre med samme problem?
I premie fekk eg dette mønsteret, det var veldig kjekt. Likar utrulig godt AnnAKa sine mønster.
Har problem med å legge ut bilder på bloggen uten å bruke Picasa for tida. Andre med samme problem?
tirsdag 6. oktober 2009
Gave.
Elste jenta har vore på tur for litt sida, da kom ho med gave til mora. Ho likte godt mønstra ho hadde valgt ut, kanskje ein liten baktanke. Vi får sjå kanskje det blir Juletreteppe ein gong. Ho sett pris på alt eg syr til ho og når ein Quiltebutikk dukkar opp handlar ho. Eg sett pris på det, alltid kjekkt å få tilskudd til hobbyen sin.
torsdag 1. oktober 2009
Feriesying.
Har vore lenge vekk fra bloggen, har fulgt med på andre bloggar. Har ikkje hatt tid til å sy så mykje. Har vore på kurs i helga med Patricia Iden, det skal eg komme tilbake med bilder seinare. Har vore 10 dagar i Calpe, Spania. Hadde noken dagar med regn og da vart dette sydd. Før vi reiste fekk eg ein konvolutt som skulle åpnast på flyet, i den var det eit lite stitchery. Det var fra ei venninne, "Ein quilter i farta", det var veldig kjekt å få, takk til ho. Det var merka at det var ingen spisse gjenstandar det kunne bli med som handbagasje.
søndag 6. september 2009
Tosidig løpar.
Det var kjekt å sy desse løparane, starta når eg kom heim fra kurset å sy denne. Denne har eg lagt i posten så mi mor skal få den. Dette er fargar som passar i stua hennar, trur nok ho blir glad for noko nytt. Eine sida er lik den forige løparen, det var når eg såg den at eg fant ut at det var farger til henna stue.søndag 30. august 2009
Kurs i "Tosidig quilt"
I helga har Nordfjord Lappe- og Quilteklubb hatt kurs. Vi kutta firkantar med to stoff og vatt i miten i mindre bitar og sydde dei sammen igjen. Kjekt kurs, løparane vart ferdige når saumane var sydd. Denne skulle vere svart og kvit, bestilling fra Bergen. Var vanskelig å bestemme kva den andre sida skulle vere, vart mest fornøyd med den grå sida. Kan brukast på begge sider.onsdag 26. august 2009
mandag 24. august 2009
Brødkorg.
lørdag 22. august 2009
Hjertelig glede.
Da er blokk nr 3 ferdig. Veldig greit å få ferdig blokkene etterkvart som eg mottar dei. Dette er månedsabonnement fra Quiltekroken.
tirsdag 18. august 2009
Grytekluter.
lørdag 8. august 2009
Spisebrikker.
søndag 2. august 2009
Hjertelig glede.
lørdag 1. august 2009
Bladbilde.
søndag 26. juli 2009
Stitchingklubben.
fredag 24. juli 2009
Puter og posesamlar.
tirsdag 21. juli 2009
Blåtur arbeid.
Dette er arbeid vi fekk utdelt på årets Blåtur i Nordfjord Lappe og Quilteklubb. Husflidstausa var ein av arrangørane, ho hadde lagt mykje arbeid i presangen vi fekk. Fekk to pakkar kvar med stoff, tråd og malar. Ferdige arbeid skal leverast på lappemøte til hausten. Takk til Husflidstausa for ein kjekk Blåtur i Bremanger. Det blir ikkje mykje sying for tida, men desse er no ferdige til levering.mandag 13. juli 2009
Kråkenes fyr.
Dette har eg sydd av stoffet vi fekk på blåturen i Lappeklubben i fjor. Alle som var med fekk 4 stoff og skulle lage noko av det. Har ikkje hatt ideen før no, fant bilde av fyret på nettet. Greide etter mykje prøving og feiling å speilvende bilde, kopierte det og strauk det på stoff. Dette er resultatet mitt.torsdag 2. juli 2009
"Pynt til det lille rom"
fredag 19. juni 2009
Vinku.
tirsdag 16. juni 2009
fredag 12. juni 2009
Løper.
mandag 1. juni 2009
Papirpose i stoff.
Veske etter mønster fra boka "Lapper for ein hver anledning" av Helle C.E.Løvenskjold. Vart inspirert av Strikkemor(o) til å sy denne. Vi var på foredrag med ho i Førde i april.søndag 24. mai 2009
Kurs.
I helga har eg vore på kurs med AnnAKa, endelig var det min tur til å gå på kurs med ho. AnnAKa er ei av dei eg synest er størst i lappeteknikk i Norge. Har alltid likt mønstra hennar og dei har god forklaring. Eg har sydd dette bladbilde, spennende med applikasjon, maling og snorsying. Primula var arrangør av kurset og Ingun laga god mat til oss. Takk til Ingun at ho laga til dette kurset.
Takk til Ann at ho tok den lange veien til Nordfjor. Her med ein modell som var til inspirasjon, kurset var ikkje på denne.
Ann losa oss fint gjennom helga, her er det undervising i quilting. Mange nye ideear og smarte løysingar har eg lært denne helga.
Takk til Ann at ho tok den lange veien til Nordfjor. Her med ein modell som var til inspirasjon, kurset var ikkje på denne.
Ann losa oss fint gjennom helga, her er det undervising i quilting. Mange nye ideear og smarte løysingar har eg lært denne helga.
lørdag 16. mai 2009
16 mai.
søndag 10. mai 2009
Løper.
Denne løparen har eg laga til ein kollega, ho skal ha den til ei gave. Har brukt teknikken eg lærte på kurs med Anne Beier Finnestad. Laga påskeløper med samme fargesammensettinga men med anna effekt til pynt.
mandag 4. mai 2009
Juleløper.
fredag 1. mai 2009
Krabbeteppe.
Da er krabbeteppet til jenta som vart fødd 5 april ferdig. Ho heiter Olina, eg er tante til mammaen. Ho har tatt ut fargane sjølv og ønska å ha noken hemper i lukkekanten. Hempene skal brukast til å feste leikar på teppet. Måtte ta bilde ved den fine Rododendroen som blomstrar no. Teppet skal bli overlevert i morgo, skal bli kjekt å sjå Olina. Håper mammaen blir fornøyd med teppet.
søndag 26. april 2009
Grytekluter.

Lite sying for tida, våren er fin her på Vestlandet, det får ta skulda. Blir mykje fine turar i terrenget, det er kanskje like sunt. Vart litt inspirert på Regiontreffet sist søndag, der var det nokon som sydde gryteklutar på denne måten. Kjekt å sette sammen stoff til crazy blokk og bruke fine pyntesaumar på den.
mandag 20. april 2009
Regiontreff 2009.
I går var det region treff Sogn og Fjordane i Førde. Det starta kl 12.00 med eit inspirerende foredrag av Helle C.E.Løvenskjold. Ho fortalde om si quiltehistorie, fekk oss til å le og klappe. Ho hadde mange flotte arbeid ho viste oss.
Dette er eit av Boggy Barn teppa henna.
Ein heil gymsal på barneskulen var fyllt med flotte arbeid.
Det var ein kjekk dag i Førde med Betasuppe til middag og eit stort bord med salg av kaffe og gode kaker. Mange butikkar hadde tatt vegen til Førde denne dagen. Kjøpte ein kit med stoff og mønster til ei veske på Quiltekroken.Meldte meg også på månedsteppe med Quiltekroken som startar i mai. Andre stoff vart ikkje kjøpt, har egentlig ikkje noko på gang i tankane. Butikkane her på Eid var der med sine stoff og dei rekk ein om noko dukkar opp.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




































