
Har fått strikka påskekylling med hemmelig innhald. Fekk den av svigerinna som strikka sitteunderlaga på forige innlegg. Da ventar eg på fineveret, har mykje syarbeid om det ikkje kjem.
ØNSKER ALLE EI RIKTIG GOD PÅSKE.

Nina er igang med sy-mysterium, eg har meldt meg på denne gangen og. Før jul hadde ho også sy- mysterium over ei helg, kjekt å vere med. Veit ikkje kva det skal bli, får litt påfyll kvar dag kl 12.00. Før jul vart det fine grytekluter. Eg har skjert opp 100 biter, har rikelig så ein del fargar blir kanskje bytta ut. Blir spennende å sjå kva som har kommt i dag!
Løparen som eg starta på i helga er ferdig. Kurs med Mia Øberg, vi lærte mange smarte løysingar. Kurset var veldig populært, ikkje alle i klubben fekk bli med. Hadde årsmøte i Nordfjord Lappe-og Quilteklubb, starta med frokost på hotellet laurdag og kurs resten av helga.
Sydd sammen alle stitcherya som eg sydde i 2008. Alle vart tegna/laga av damer som blogger, kom eitt for kvar måned. På bloggen Stitch 2008 kan ein sjå alle. Ideen til rammene rundt fant eg hos Merete, takk til ho som legg ut framgangsmåtar ho brukar. Kanten rundt gjenstår. Er ikkje heilt enig med meg sjølv kor stort eg skal ha teppet og kva eg skal bruke det til.
Eg har da funne fram Stitch 2008.
Inger Lise som åpna dørene kl 8.00 syr løpar.
Elin skulle quilte teppe.
Elna lagar syboks.

Har sydd sammen mange rester og halv ferdige arbeid som ikkje har vorte brukt til noko. Det skal vere bakstykke på Log cabin reste teppe eg har sydd sammen tidligere.
Her er alle brune remser som har vorte igjen etter forskjellige arbeid. Sydde mange løparar i forskyvde ruter for mange år sida, dette vart eit stykke. I Quiltemagasinet var ein serie med årstidstepper, ruter i stabler som vart sydd sammen. Sydde to, har hatt dei så lenge at det var på tide å bruke.
På dette bildet er det forskjellige resteblokker som eg skulle bruke, planane er alltid store. Har sydd ein del av dei på kurs, blokka med katt vart til når eg gjekk på kurs med Anne Birkeland. Mykje sy-historie i dette bakstykket.
Bilder eg fekk fra ei veninne som ønska poser til sine barn. Det vart putta ting oppi og gitt som julegaver. Skal tru kva spennende som var der?
Dette vart jule gave til veninna som ønska posene, kjekt å gi sydde ting til ho. Ho blir så fornøyd, eg får stadig skryt.
Denne brødkorga vart og ei gave. Vart ikkje så mange sydde gaver i år, tid hadde eg nok av men jobbar best under press. Når ein ikkje er på jobb og i det vanlige blir det lite kreativitet.