
Enda ein dukkefigur for 3-liters vinpose har tatt form. Mønsteret er fra Northern quilts, har sydd alle dei forskjellige figurane fra dei. Kjekt å lage!
I helga har eg vore på kurs med Hilde Gunn Damman, har vore kjekt og inspirerende. Har sydd løpar, lysholder og pute. Alt var ferdig til å ta med heim, la løparen på bordet laurdag kveld.
Her har eg brukt decopage på motivet, Øyenstikkaren fant eg på ein serviett. Er spent på holdbarheta på motivet, nokon som har erfaring med det. Posen er sydd etter framgangsmåten til Timotei, tusen takk til deg som deler med oss.
Har vorte litt produksjon av rundpinnemapper, greit å få samle dei på ein plass så ein slepp å leite. Mønsteret har eg funne med Marita, tusen takk til ho som deler med oss andre.
Hausten er her og det er kaldare i lufta. To sjal er ferdig, enkelt strikk som er greit å ha tilgjengelig til ein kvar tid. Kjøpte mange fine perler når eg var på Naxos i september, som eg har brukt her. Har mykje sying på gang men lite blir ferdig så eg kan vise det her. Takk for alle hyggelige kommentarar på teppet eg hadde i forrige innlegg.
Teppe som eg laga av stitch 2008 er ferdig. Det vart lagt ut eit motiv i kvar månad heile året, forskjellige tegna mønster. Her er mitt ferdig og det er kommt på veggen. Lite sying for tida, blir mest fjellturar i det fine haustveret. Har hatt mange flotte opplevelser i fjellet, syinga tar eg opp att når styggeveret kjem.
I helga hadde Nordfjord Lappe- og Quilteklubb storfint besøk fra Amerika. Mannen heiter George Siciliano, tidligere trommeslager i US Marines. Etter at han vart pensjonist begynnte han med quilting. Quilting med pittersmå biter, men det var ingen hokus pokus når ein brukte linjalen som han har designa. Hadde ikkje tenkt å gå dette kurset, engelsken min er ikkje topp. Meldte meg allikevel på og det angra eg ikkje på.
Flotte quiltar han lagar, men store er dei ikkje.
George Siciliano har vunne mange prisar med arbeida sine.
Her er det eg sydde på kurset, ikkje mykje på ei helg men lærerikt. Vi sydde på eit spesialstoff med opptegna mønster. Begynnte i midten, lik ei log cabin blokk og jobba oss utover. Linjalen som han har designa var eit godt redskap for å få bitane til å stemme. Vi var 30 damer i klubben som deltok på kurset som var på Nordfjord Hotell. Ei kjekk helg!
Tre av spisebrikkene eg har holdt på med i heile sommar er ferdig. Dette er eit av AnnAKa sine mønster. Mykje arbeid å sy på blomsten og blada, eg har ikkje vore så ivrig på syinga i sommar. Det har vore eit fint og varmt ver her i Nordfjord dei siste dagane. Dei har eg nytt ute i solveggen med syarbeid og hagearbeid. Til helga blir det sykurs med amerikanaren George Siciliano, spennende. Fortsatt god sommar til alle som er innom.
Hadde ei koslig syhelg da denne vart sydd, men vart ikkje heilt ferdig. Det er den no, mønsteret har eg henta fra boka Lappesprell av Hanne Asplin Firman. Lenge sida eg har oppdatert bloggen, mange ting har gått før sying. Svigermor døde i ein alder av 90 år, siste 10 åra med Alsheimer. Skulle til Madeira å sjå på blomstring, den turen vart kanselert pga askesky. Da blir det feiring av 17 mai heime, håper det blir varmt og fint.
Hadde ein kjekk dag på Regiontreff på Sandane søndag. Treff for quilte interiserte i Sogn og Fjordane, det var Gloppen Lappe og Quilteklubb som holdt treffet. Bra foredrag om reprostoff av Wenche Wolf Holting, fin utstilling og mange butikkar. Mange fine bilder på bloggen til Gloppen Lappe og Quilteklubb, trykk på navnet så kjem du dit.
Har ikkje vårfornemmelser i dag, men kalenderen seier at det burde eg ha! Ute har det vorte kvitt i natt, ikkje veien. Skal til Sandane i dag, Gloppen Quilteklubb arrangerer Regiontreff. Det er eit treff for Sogn og Fjordane, foredrag med Wenche Wolff Hatling fra Northern quilts og utstilling. Mange butikker blir det og, må hugse lommeboka! Dette stitcheryet er fra Stitching klubben Jordbærstedet som eg har hatt liggande. Ha ein god dag, skal blogge bilder fra treffet seinare.
Vår sy-mysteriet mitt er ferdig, var spennende kva dette skulle bli. Nina la ut på bloggen kva vi skulle gjere, fekk ein del kvar dag kl 12. Eg kom litt etter men no har eg ein ferdig løper. Kjekt med mysterier, men eg er alltid usikker på kva fargar eg skal velge. Denne blir lagt på hagebordet når det kjem ut. Ser eg rette vegen i dag kan sola komme fram, er litt grå skyer andre vegen.