Klar til kurs, med strykejernet i veska!
Kjøpt i Molde på Vestlandstreffet i haust med Northen Quilts.
Klar til kurs, med strykejernet i veska!
Kjøpt i Molde på Vestlandstreffet i haust med Northen Quilts.
Laga fine julekort og merkelapper. Fant mønster på hjerta på blogg som heiter hobbymegher.blogspot.no. Hekla hjerta og berre limte dei på, god jul er fra klistremerke eg kjøpte på ein Ponduro butikk. Merkelappane var og einsfarga kjøpt på Nille, der hekla eg eitt hjerte og limte på. Kjempe koselig idee, takk for mønster på hjerta:)
Da er åtte julespisebrikker avlevert til eldste jenta. Koselige brikker med Julekuler på. Greit å begynne tidlig med prosjekt, desse begynte eg på i januar.
Juleløper til langt bord. Gikk på kurs med Ingun Vaksdal, lærte å bruke linjaler. På denne har eg brukt Lacy Angel linjalen. Kjekt og lærerikt kurs, blir meir på bloggen etterkvart.
Julemysterie fra Quiltemagasinet 2012. Endelig ferdig, fulgte bladet med stitcherya men datt av med resten. No er den ferdig og kan brukast i jula. Ha ei fin adventstid, her i huset er det lilla og sølv som er advent. Må seie at gardinene på kjøkkenet er raude, litt krasj men går det!
Gikk kurs i fjor som Lappestua, Eid hadde med Patricia Iden. Vart ferdig med toppen da, no er bakstykket komme på. Dette skal ligge under juletreet til yngste dattera. Jula nærmar seg raskt, greit å vere ferdig i god tid.
Sist Lappeklubben møte var det sying av Rocky Mountain. Ingun på Primula hadde regien av det. Sjølv om eg var forhindra i å vere der fekk eg ei material pakke. I kveld har eg sydd denne. Festlig brikke som kan brukast i adventstida.
Sydd to nye penaler som eg fekk bestilling på. Kjekt å sy desse, kjekt med små ting som blir fort ferdig.
Ha ein fin haust. Til helga skal vi i Nordfjord Lappe og Quilteklubb ha Drivhusmesse. Vi skal ha utstilling og salg på Hildenes Gartneri, i eit drivhus som er tomt akkurat no.
Sydd duk fra AnnAKa sitt mønster "Forglem meg ei". Koselig syarbeid, desse kjem eg til å sy fleire av.
Har sydd to puter som skal ligge på teppet med stjerner. Har brukt restestrimler av svart stoff, kjekt syarbeid. Greit syveir på Vestlandet i år, blir litt tid på syrommet når det regnar.
Har sydd to truseposer, greit å ha når ein skal ut å farte. Greit dei ikkje sleng rundt i bag/koffert. Den ein er gitt bort.
Har sydd litt i det fine sommarveret i pinsa. Eit fantastisk vêr her på Vestlandet, har nytt det, slappa av, planta, fjellturar og sydd. Dette er bursdagsgave til søstera som fyller år i juli men ønska seg ei veske no.
Her har eg sydd stjerneteppe, det er 120 . 210. Har hatt liggande Balistoff i mange år, no fekk eg endelig brukt dei. Dette skal yngste dattera få til å ha på sin ungdoms sengbenk som ho no har flytta med seg.
I dag har det vore årsmøte og kurs i Nordfjord Lappe og Quilteklubb. Vi starta tidlig med frokost på Nordfjord Hotell og årsmøte. Deretter gikk turen til vårt flotte kurslokale, Stokkenes Gard. Der var det S crapbook-quilts kurs med Hilde fra Molde. Vi lærte å overføre hjerter som vi hadde pynta til stoff, kjekt å lære nye metodar. Eg brukte eit hjerte til pynt på denne posen.
Løpar i skeive og bua linjer. Denne begynte eg på når eg gikk kurs med Birthe Lee Tveit tidligare i år. Var veldig i tvil om eg skulle ha ein lys kant rundt, men enda opp med svart. Lukke kanten er av eit stoff som er glatt og blankt, gir fin virkning, sett prikken over i'en.
Babyteppe sydd etter mønster fra Bente Tufte. Ei eg er tante til fekk ein gut som eg hadde lyst å gi dette teppet til. Teppet er sendt til Ålesund og mottaker vart veldig fornøyd, og det er kjekt.
Løperen eg sydde på kurs sist helg, skeive og bua linjer. Kursholdar var Birthe Lee Tveit, lærte mange små finesser. Denne vart skeiv og bua!
Supplering av spisebrikker, har laga løpar og to spisebrikker tidligare. Dette er eldste jenta som skal ha. Dette er eit mønster av AnnAKa "Ung løpar".
I helga har eg vore på kurs med Birthe Lee Tveit, skeive og buede linjer. Kjekt med sying som ikkje skal vere beint. Her er det eg har fått ferdig, har sydd toppen på to løparar til. Krus underlaga likte eg egentlig ikkje, men når dei vart quilta og ferdig vart eg fornøyd. Sydde sammen mange gule restar uten mål og meining, dette vart resultatet.
Da er "Hjerteteppet" mitt ferdig. Dette er eit månedsteppe fra Quiltekroken i Bergen. Starta 2010 og fekk sendt ei blokk kvar måned framover. Holdt å få sydd ei blokk for mnd til å begynne med, men etterkvart vart eg litt på etterskudd. Yahoo, no er eg ferdig, veldig fornøyd!
Jannes quiltestudio har quilta teppet, utrulig flott quilta.
Her kan ein studere quiltinga.