søndag 15. juni 2008

Kurshelg.

I helga har eg vore på kurs med Andre' Rustad Wallenborg. Inspirerende og lærerikt.Kurset starta med teori rundt hans bedrift. Han er designer og syr vesker. Ikkje til kven som helst han syr vesker, kjente personer kjøper dei. Han har designa og sydd kjole til kronprinsessa. Kjem til å sjå nøye på alle bilder av kronprinsessa om ho har Wallenberg veske heretter. Vi kjøpte materialpakker av han der alt vi trengte var, vi bestemte sjølv kva stoff vi ville ha til framstykke. Vi sydde små vesker og fikk undervisning etter kvart vi gikk fram. Eit veldig kjekt kurs der eg lærte mykje. Primula design v/Ingun stod for arrangementet for kurset.
Mange fine vesker vart sydd på desse to dagane.

Denne vart sydd i går,kan kalle det stor portemone. Vi sydde ruter på plast. Lærte og lure triks for å få fint i glidelåset.






Denne veska har eg sydd i dag. Mange smarte sytriks, hanker på enkel å fin måte, og forsterka botn. Ikkje heilt min stil å bruke ei slik veske, men vi vart ferdig. Her kan vi forstørre og lage slik vi ønsker sjølv, vi lærte gangen i det.

8 kommentarer:

Two sa...

Så flott og annleis enn det vi har sett før! Og den svarte.... med ein enkel svart kjole til så blir denne smykket! Berre du har passe anledning til å dolle deg opp då.

Unknown sa...

Eg har sydd litt til :-) Kjem i bloggen no snart.

Takk for ei fin helg!

Inger sa...

Flotte vesker du har har laget. Kjekt med slike kreative kurs. Ha ei riktig fin uke.

merete sa...

Så på reader at du hadde vært på superflott kurs hos hr. proffesjonell veskesyer :-)
Måtte bare blogge litt om det her.

STRIKKEMOR(O) sa...

Kurset såg kjekt ut! Veskene dine blei veldig flotte!!

MITT FARGERIKE sa...

Heldig du som har fått gått på slik fint kurs. Veskene var kjempefine. Kanskje eg og skal ta ut symaskina..... om ho tåler saltinnhaldet i lufta då?.....og om veret held seg så lenge her ute at eg vinn å sette meg ned før eg må dra alt inn igjen. På søndagen måtte eg flytte alt "må ha med meg ut når eg skal sitte i sola" inn og ut tre gonger før eg var sikker på at veret hold seg stabilt. All trim er vel god trim.

Anonym sa...

Så flott veske du har sydd. Artig å se bilder fra kurset. Jammen har du flott utsikt når du flytter syrommet ut også.

annemariesquilt sa...

Ååå så heldig du har vært og det ser veldig gøy ut..
Veska ble kjemepfin...