mandag 8. september 2008

Kurs.

I helga var eg på kurs med Hilde Framnes Neset i regi av Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Det var eit kjekt kurs, Hilde hadde mange ideer vi fekk lære. Vi lærte to quilte typar, Dobbelsidig quilt og Fix ferdig. Vi sydde begge sidene med det samme, ferdig til lukkekant. Ei flink dame som eg håpar kan komme å holde fleire kurs for oss.


Dette er den dobbelsidige quilten. Eg skal lage løpar, advent på ei side og jul på den andre. Dette er midten som eg ikkje er heilt ferdig med. Kjem med bilder når eg blir ferdig. Fix ferdig metoden skal eg legge ut seinare.


2 kommentarer:

MITT FARGERIKE sa...

Dette såg både spennande og fint ut.
Kjekt at det er berre å snu duken, du kan vente med å vaske den til begge sidene er godt brukt.

LAPPEQURI sa...

Å det så spennende ut:-)
Ha en fin og kreativ helg