
I helga har eg sydd ein liten adventsbrikke. Sydd av kvadrat som eg seriesydde, raskt og kjekt å sy. Har igjen å sy til kanten for hand.
Haustløpar og spisebrikkar ferdig når den første snøen kom. Mi mor fekk ein løpar som ho hadde lyst på når ho var på besøk sist, det var ein juleløpar. Det ryktast at ho har lagt den på bordet no, da måtte eg sy ein enkel haust løpar. Denne stoffpakken kjøpte eg i Barcelona for noken år sidan, det vart akkurat nok til dette settet. Dette blir lagt i posten idag, ein overaskelse til mor!
Da er november bildet ferdig. Stitch 2008 går mot slutten, eg har sydd alle månadane. Tenker på korleis eg skal sy dei sammen,stort teppe, lite teppe! Takker Mon@ for fint haust motiv.
Seks nye blokker med DJ. Syr mange no for ikkje å dette av bloggen med god forklaring på alle blokkene. Synest sjølv eg er ganske nøyaktig når eg skjer og syr, men alltid finn eg ut at det ikkje stemmer heilt. Kanskje andre har samme problemet!
Har vorte hengande litt etter med DJ blokker, her må det eit skippertak til. Har sydd seks stykker. Måtte vise dei ilag med den flotte blomsten eg har fått i helga. Har hatt besøk av ei barndoms veninne. Har kosa oss i helga, vi har vore på opera, gått på byen og ein fin fjelltur idag. Har vore på Opera Nordfjord og sett "Hertuginna av Chicago",ei flott framsyning.
Jippi, eg var den heldige vinnar av 4 Lenes silketråd i haustfargar og plastmappe å oppevare dei i. I sommar meldte eg meg inn i Stitchingklubben på Jordbærstedet, fekk den første pakken når eg besøkte butikken i sommar. Ei hyggelig dame i butikken og mange fine stitchery i klubben. Når det var ferdig skulle ein sende bilde til butikken og så fekk ein eit lodd på gevinsten ( passa godt så det ikkje vart ein ufo). Denne gongen vart gevinsten min, kjempeheldig.
Da er oktober stitcheryet ferdig, mønsteret er laga av wia. Takk til deg for mønsteret. Edderkopper høyrer til årstida, spesielt i dette fine veret på Vestlandet.
I helga og begynnelsen av veka har eg fulgt min far til Trondheim for ein operasjon. Det var flott å passere Trollveggen, litt skyer på toppen.

Langhelg i Paris. Det er ein kjempestor by, liv og røre heile tida. Mykje folk og stor trafikk. Vi kjøpte 3 dagers billett på undergrunnsbana, der kunne vi lett forflytte oss fra plass til plass. Vi fekk med oss mykje serverdigheter. Det som gjorde størst inntrykk på meg var Eifeltårnet. Vi stod i 1 time å venta på å få kjøpe billett, men det var vel anvent tid. Må innrømme eg er redd i høgda, kom meg til første stopp i heisa. Dei eg reiste ilag med var heilt opp i tårnet. Fantastisk, der såg ein heile byen. Kvelden før såg vi tårnet etter det var mørkt, det var stort å stå å sjå. Desverre har eg dårlig kamera for å ta bilde.
I helga var eg på kurs med Hilde Framnes Neset i regi av Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Det var eit kjekt kurs, Hilde hadde mange ideer vi fekk lære. Vi lærte to quilte typar, Dobbelsidig quilt og Fix ferdig. Vi sydde begge sidene med det samme, ferdig til lukkekant. Ei flink dame som eg håpar kan komme å holde fleire kurs for oss.
Da er stitcheryet for september ferdig. Dette er ein along som går på Hobbyboden. Nye mønster kvar månad laga av forskjellige. Denne månden er det Rita som har laga dette fine eplet. Takk til Rita for det.

Her ser vi Eidsfjorden.
Fisk i vatnet! Neida den tøffaste bada, det var Kajza.
Her ser vi til Sunnmøre, Dalsfjorden.