søndag 27. januar 2013

Krus underlag.

 

I helga har eg vore på kurs med Birthe Lee Tveit, skeive og buede linjer. Kjekt med sying som ikkje skal vere beint. Her er det eg har fått ferdig, har sydd toppen på to løparar til. Krus underlaga likte eg egentlig ikkje, men når dei vart quilta og ferdig vart eg fornøyd. Sydde sammen mange gule restar uten mål og meining, dette vart resultatet.

 

lørdag 19. januar 2013

"Hjerteteppe"

 

Da er "Hjerteteppet" mitt ferdig. Dette er eit månedsteppe fra Quiltekroken i Bergen. Starta 2010 og fekk sendt ei blokk kvar måned framover. Holdt å få sydd ei blokk for mnd til å begynne med, men etterkvart vart eg litt på etterskudd. Yahoo, no er eg ferdig, veldig fornøyd!

Jannes quiltestudio har quilta teppet, utrulig flott quilta.

Her kan ein studere quiltinga.

 

onsdag 16. januar 2013

Nålepute.

 

Fekk lyst å prøve meg på ei nålepute. Fant mønsteret på nett, vanskelig å linke, har ikkje lært det fra ipoden. Har litt dilla på lilla for tida, derfor vart den slik!

 

lørdag 12. januar 2013

Løpar.

 

Sydd ein løpar i ein teknikk vi lærte på kurs med Mia Øberg. Har brukt lin, fint materiale å bruke i løpar.

 

søndag 6. januar 2013

Julemøtegave.

På julemøtet til lappeklubben fekk vi utdelt litt materiale til eit stitchery. Tok utfordringa å laga ein liten pose, blir til å ha små jule ting i. Stoffet eg sydde den av var ein liten rest så eg måtte skøyte sammen, men dette stoffet likar eg godt. Har fått utdelt litt småtteri som vi skal sy på julemøta gjennom åra, i år vart det ferdig. Enkelte ting ligg lenge, men no er ein del av det ferdig, gode forsett i det nye året!

 

torsdag 3. januar 2013

Poser til pepperkakeformene.

 

Poser til pepperkakeformene. Har sydd som julegaver eit år men ikkje til jentene mine. Dei var her å lagde pepperkaker og kom med nye "hesteformer". Posene vart ikkje ferdige før i romjula. Ideen har eg tatt fra ein blogg.

 

mandag 31. desember 2012

Godt nyttår.

 

Vil med bilde av dette teppet ønske alle mine blogglesarar eit riktig Godt nyttår!

Alle dei gule i dette vann eg da Nordfjord Lappe- og Quilteklubb var i Nesbyen. Alle leverte ein gul lapp på 16.16 cm ved sosialt samvær fredag kveld, dei vart trekt og eg var den heldige vinnar. Lurte lenge på kva eg skulle lage, enda opp med dette teppet, vanskelig å velge andre farge, men vart blått. Vart ikkje heilt fornøyd, det har vore gløymt i ufohaugen i mange år. Plutselig dukka det opp i haust, da tok eg meg sammen, vips så vart det ferdig. Har quilta med mi Janomemaskin.

 

søndag 30. desember 2012

Hjerter.

Har vorte nokre hjerter, hjerter høyrer jula til. Kjøpte denne hjerte strengen på Lappestua Eid. Lilla hjerte til advent, vart bytta ut med rødt til jul. Har brukt stempel på motivet.

 

onsdag 26. desember 2012

Julegaver

 

Årets julegaveproduksjon. Gitt til venner og naboer. Boksene med tennbriketter er fine å pynte.

Fortsatt God jul!

 

søndag 16. desember 2012

Spisebrikker.

Dette vart ein bryllupspresang tidligere i haust, mønsteret fant eg i Quiltemagasinet.
Dårlig med blogging, prøvar å blogge fra ipod. Sist innlegg vart prøve på eit program eg innstalerte, stort bilde! Løparen er fra mønster som eg har sydd tidligare i andre fargar. Denne vart til min bror og svigerinne. Mønsteret er fra Randi Røys.

onsdag 5. desember 2012

fredag 9. november 2012

Safari 2.

Har sydd denne veska fra mønster i myQuit nr4 2011. Har samme stoff inni som stripa foran, var kjekk å sy.

søndag 28. oktober 2012

Prøveblokker.


Prøveblokkene vart ein liten presang når eg var invitert på hyttekos. Greit å ha noko liggande som blir raskt ferdig, mottakar vart veldig fornøyd. Dei er fra kurset med Nancy Eriksen.

onsdag 3. oktober 2012

Toalettveske og sminkepunger.

 Toalett veske til eldste dattera som er sjukepleiar, passa godt med ein sjukepleiar på. Denne kjøpte eg i Aalborg når eg var på quiltetreff der. Mønsteret er "Stor og liten". Den lille er mønster fra "Super easy". Begge er mønster fra AnnAKa
Sminkepung til yngste dattera, ho ville ha hempe på så ho kunne henge den opp. Den andre vart og gitt bort. Dette er mønster som eg brukte på AnnAKa kurs i vår.

Har fått spørsmål om kva impregnering i brukte i forrige innlegg. Det er kjøpt på ein sportsbutikk og er beregna for impregnering av klede. Dette heiter NIKWAX, Tx.Direct spray on. Kan heilt sikkert bruke andre merker som er beregna på klede. AnnAKa anbefalte å gjere det i sitt mønster.

lørdag 29. september 2012

"Annas Skulderveske"

Har sydd "Annas Skulderveske", grei å sy. Skal bli kjekt å ta den i bruk, har vore ferdig ei stund men mangla impregnering. Tenkte det var greit å impregnere før eg tok ho i bruk, kanskje den held seg lenger i bruk.

onsdag 5. september 2012

50 årsgave.

I dag er min bror 50 år. Dette teppe er presang til han, flees på baksida. Dette blir varmt og godt når han kjem heim fra varmare strøk.

lørdag 28. juli 2012

Tre løparar.

Tre løparar fra Randi Røys sitt mønster. Blir ikkje mykje tid på syrommet sjølv om veret heiter "syveir". Har brukt sommaren på desse løparane.

lørdag 23. juni 2012

Midtsommar.

Denne er ny i familien, yngste dattera og samboeren har fått seg hund. Kjell heiter denne og er ein Labrador, ca 12 veker. Da har vi Klara og Kjell, Klara er ein Staff og blir fem år. Kjekt å låne som turkamerat!

Ønsker alle ein fin midt sommardag!

søndag 17. juni 2012

Sommerbesøk.

Laurdag 9 juni hadde Nordfjord Lappe og Quilteklubb besøk fra Molde Lappeklubb. Vi hadde inviterte på kaffe og kaker, veret var heilt perfekt, 21' og overskya. Barnehagen der eg jobbar vart pynta med quiltar, dei vaia fint i den lette brisen.
 Kakebordet var flott dekka. Takk til dei som laga kaker, spørte noken damer om kakebaking, vips så vart det eit flott innbydande bord.
 Tre, gjerde og dissestativ vart pynta.
Moldedamene hadde mange fine quiltearbeid å vise, flott med ny inspirasjon!

Tusen takk for besøket! Det var utrulig kjekt å ha besøk. Kjekt å treffe damer ein har hatt kontakt med gjennom bloggverden.

lørdag 9. juni 2012

BLÅ-TUR.

Takk for ein flott "Blå-tur". Turen enda i Selje på "Doktorgården". Flott å høyre Ati fortelle historia om sine quilter, og sjå dei fine quiltane hennar. Fine lokaler med mykje fin kunst og god fiskesuppe som vi fekk servert.

I dag blir det nytt møte med quiltedamer. Ønsker Molde Quiltelag velkommen, håper dei får ei flott helg i Nordfjord. Her er det skyfri himmel og sola skin så fint. God helg!

søndag 3. juni 2012

Bakeklede.

Bakeklede som vart ein presang, ei god veninne fekk dette i bursdagspresang i mars. Dette er eit mønster eg har bestillt med ei dame på nettet(hugsar ikkje kor). .

tirsdag 29. mai 2012

NQT 2012.

Var i Ålborg, Danmark på Nordisk Quiltetreff. Vi var 11 damer fra Nordfjord Lappe og Quiltetur som reiste 17 mai. Vi hadde to fantastiske dagar i Ålborg, kurs, foredrag og utstilling. Det som var veldig kjekt var å gå mellom alle butikkene som var samla på ein plass. Gikk på 3 timars kurs med Karin Østergård. Foredrag om korleis utnytte restane, fekk sjå store flotte tepper. Flott utstilling,  fekk "roen" heilt med å gå iblant alle dei flotte teppa. Vart handla litt, mange fine ideer å hente, det kjem nok etterkvart når sylysta kjem. Takk til reisefølget, var veldig kjekt å vere på tur ilag med dokke.

tirsdag 15. mai 2012

Skopose.


Skopose må ein ha når ein skal til Ålborg på Nordisk Quiltetreff.  Gler meg veldig til å reise 17 mai. Mønsteret er fra MyQuilt.

torsdag 10. mai 2012

"Supereasy"


Har sydd "Supereasy" sminkepung, kjekk og lettsydd. Desse kan det bli fleire av.

fredag 4. mai 2012

Krusematter.

Har sydd to krusematter i bursdagspresang. Ho som fekk løparen i eit tidligare innlegg har fått desse.

fredag 27. april 2012

"En liten tur ut"

Denne lille "vesken" er fra MyQuilt. Har brukt fra "paris stoffet". Skal ha ein lang hank på men ønsker idee til det. Hadde vore greit om det var ei ferdig snor eg kan bruke. Knappen kjøpte eg på Quiltekroken, kanskje litt stor!