fredag 12. februar 2010

Veske.

Har sydd ei veske, har brukt eine "H" eg sydde på kurset med Pelse. Greit å bruke det ein lagar på kurs. Dette var ei grei veske å sy, har glidelås i toppen.

mandag 8. februar 2010

Truse-pose.

Har vore i ein bursdag til ei veninne, ho fekk trusepose. Lurte litt på kva denne skal brukast til, men da fortalte eg om alle gode tilbakemeldingar eg har fått. Alle brukar truseposane sine når dei er ute å reiser, slepp å snu heile innholdet i koffertane for å finne trusene. Veldig populær gave.

søndag 7. februar 2010

Vin-Hjort.

Da har det vorte ein Vin-Helge, mønster fra Northern Quilts. Denne skal vere presang til ein hjortejeger som var 55 år i haust. Bedre seint enn aldri med presang.


onsdag 27. januar 2010

Vesken "Sonår".

Har sydd vesken "Sonår", eit mønster fra Favorittquilt v/Airin Hansen. Slidelås lomme bak, inni og på toppen. Har litt glidelås fobi men det gikk greit, glidelåsen på toppen vart godkjent under tvil. Dette er ei stor veske, den er 41*38 cm. Hankane laga eg etter Andre' metoden, sydde stoff på band.
Veska på framsida. Har brukt stoffet eg fekk med jentene mine til jul, svart med skrift på.

søndag 24. januar 2010

Kursarbeid.

Dette har eg sydd i helga, har sydd litt til men det er eg usikker på om eg vil vise. Vart prøve lappar, har kun brukt stoppefoten. Fin tråd og tjukk nål er hemmeligheten med dette. H en på svart lin er ein makrelltube eg har klipt og vaska. Stilig synest eg, annaledes sying enn vanlig.

Kurs med Pelse Asboe

I helga har eg vore på kurs med Pelse fra Danmark og lært mykje ein kan gjere med symaskina. Ekstremsport med symaskina, vi har sydd på majonestuber, folie,vi har brukt shiffong og det meste. Har brukt mange spennende tråder, har lært korleis vi lagar tjukketråder, syr perler på tråd og får fargen vi vil ha ved å mikse fleire fargar. Har brukt ein del metalltråd. Veldig kjekt og lærerikt, ei spennende dame som det anbefales å gå på kurs med om det er mulighet. Pelse hadde mange spennende prøver med som ho viste og forklarte. Under Pelse og Solfrid i djup konsentrasjon.

mandag 18. januar 2010

Stitch 2008.

Sydd sammen alle stitcherya som eg sydde i 2008. Alle vart tegna/laga av damer som blogger, kom eitt for kvar måned. På bloggen Stitch 2008 kan ein sjå alle. Ideen til rammene rundt fant eg hos Merete, takk til ho som legg ut framgangsmåtar ho brukar. Kanten rundt gjenstår. Er ikkje heilt enig med meg sjølv kor stort eg skal ha teppet og kva eg skal bruke det til.

søndag 17. januar 2010

Maratonlaurdag!

Nordfjord Lappe og Quilteklubb inviterte medlemane til å ha sydag på Stokkenes Gard laurdag. Ta med det vi ville sy på, lokalane ope mellom 8.00 og 20.00. Eg har da funne fram Stitch 2008.
Inger Lise som åpna dørene kl 8.00 syr løpar.

Elin skulle quilte teppe.


Elna lagar syboks.




Laila syr vårløpar.




Wenche syr glidelås i sminkepung.




Anne Marie hadde funne fram ein ufo som ho laga for 10 år sidan, denne vart det kant på.
Alle sydde på forskjellige ting, vi var 10 stk som var der til forskjellige tider på dagen. Veldig kjekt å komme ilag å sy, her kunne vi søke råd med kvarandre om vi trengte. Hadde gode pauser med god mat, kaker og lefser, som vi hadde med. Primula stillte med butikk, fine stoff å kjøpe om vi trengte. Takk til styret som tok intiativ til denne kjekke dagen.






søndag 10. januar 2010

Bakstykke med historie.

Har sydd sammen mange rester og halv ferdige arbeid som ikkje har vorte brukt til noko. Det skal vere bakstykke på Log cabin reste teppe eg har sydd sammen tidligere.
Her er alle brune remser som har vorte igjen etter forskjellige arbeid. Sydde mange løparar i forskyvde ruter for mange år sida, dette vart eit stykke. I Quiltemagasinet var ein serie med årstidstepper, ruter i stabler som vart sydd sammen. Sydde to, har hatt dei så lenge at det var på tide å bruke.

På dette bildet er det forskjellige resteblokker som eg skulle bruke, planane er alltid store. Har sydd ein del av dei på kurs, blokka med katt vart til når eg gjekk på kurs med Anne Birkeland. Mykje sy-historie i dette bakstykket.



Her har eg sydd Log cabin av alle stripene eg hadde. Dette har vore ufo ei stund. Teppe skal quiltes, er litt usikker på korleis. Tenker fri hands quilting blir finest på baksida men er ikkje sikker på log cabin sida. Er glad om noken kjem med forslag! Har tatt vare på alle lukkekant restar eg har hatt, det skal eg bruke på dette.


lørdag 2. januar 2010

Ping-vin!

Ein Ping-vin vart det første ferdige i 2010. Har hatt ei material pakke liggande sidan sommaren 2008. Kjøpte den på Northern quilts når vi var på ferietur forbi Steinkjær. Har berre vorte liggande uten å bli sydd.

torsdag 31. desember 2009

Godt nyttår!

Siste innlegg på bloggen dette året. Her er himmelen klar og blå etter eit sikkelig snøver tidligare i dag. Det skal bli kaldt, skikkelig kaldt, sjelden det er over 10' her. Dette bildet har eg lånt fra nrk m og r. Håper det blir ein rolig og fredlig nyttårs kveld.

GODT NYTTÅR !

Siste arbeid i år.

Julebrikke til brettet. Stitcherymønsteret fant eg i Familien fra i fjor, Kristin Langbråten.
Ein liten bursdagspresang på nyttårsaften.



søndag 27. desember 2009

Julegaver.

Bilder eg fekk fra ei veninne som ønska poser til sine barn. Det vart putta ting oppi og gitt som julegaver. Skal tru kva spennende som var der?
Dette vart jule gave til veninna som ønska posene, kjekt å gi sydde ting til ho. Ho blir så fornøyd, eg får stadig skryt.

Denne brødkorga vart og ei gave. Vart ikkje så mange sydde gaver i år, tid hadde eg nok av men jobbar best under press. Når ein ikkje er på jobb og i det vanlige blir det lite kreativitet.
Fortsatt god jul til dei som er innom.


torsdag 24. desember 2009

GOD JUL.

ØNSKER ALLE EI RIKTIG GOD JUL OG EIT GODT NYTTÅR.

lørdag 19. desember 2009

Poser til kakemennformene.


To poser til, alle trur dei får poser med meg denne jula. Har vorte ganske mange, desse skal to med navn Sissel få. Desse var veldig kjekke å sy, mønsteret sto i siste Quiltemagasinet.

torsdag 17. desember 2009

Strikkepinnemappe.

Fekk ei bestilling på ei strikkepinnemappe, slik vart den. Litt vanskelig å velge farge og stoff så andre skal like, ønsket var blå/grønn. Det er mammaen til ein kollega som skal få den i julegave.
Dama som skal ha julegava brukar ikkje data derfor kan eg legge ut bilde. Har sydd litt andre julegaver og, dei blir lagt ut i romjula.


Har brukt bordvatt til mellomlegg, neste skal eg bruke Solidott, det var ein ide eg fekk på ein blogg. Blir litt tjukk og ikkje så fin når det blir rulla sammen.

mandag 14. desember 2009

Brikke.

Lilla brikke til brettet som står på kjøkkenet må ein ha i adventstida. Stitcheryet er eit applikasjonsbilde fra ein kalender som eg har sydd. Adventskalender 1998 fra Quilte huset. Greit å bruke applikasjonsmotiv til stitchery, lilla stoffet var remser som eg hadde fra andre arbeid.

mandag 7. desember 2009

Julegaver.


"Å kor fine dei var, slike vil eg gi vekk i julegave"! Det var kommentaren til dei andre eg laga. Da var det berre å sy fleire, veldig kjekke å sy. Bilde av babyen til eit vennepar av eldste jenta på den eine, den vart fyllt med tvist og pakka inn. Ho reiste på jobb i dag og skal vere vekke til 21. Har fri i jula i år, skal jobbe nyttårshelga. Kvar sin gong å jobbe i jula i sjukepleiaryrket.

fredag 4. desember 2009

Poser.

Desse to har eg sydd etter mønster som stod i Quiltemagasin 2/08. Bildet med nissene er laga av serviett og med decopasje. Har aldri prøvd det før, vart veldig dekorativt. Kjekt alt nytt ein får lære. Det andre bildet kjøpte eg på Quiltespesialisten Lillehammer i sommer. Veldig kjekt å sy poser, enkelt og greit. Ønsker alle ei god helg.
Desse to posane sydde eg etter mønsteret som sto i siste Quiltemagasinet. Skal brukast til kakemennformene. Stoffet er gamalt og greit å få brukt.

søndag 29. november 2009

Små ting.

Har sydd litt småting. Posepose av rester, 2 klemmepunger og mobilvesker til foreldra mine. Har sydd navn på mobilholderene, kjekt å bruke litt finesser på symaskina.

onsdag 25. november 2009

SymaskinCover.

Da er endelig dekke til symaskina ferdig, det har tatt tid, mykje arbeid. Gjekk kurs som Lappestua Eid arrangerte med Patricia Iden. Lærte mykje om symaskina på dette kurset, saumar som eg ikkje hadde brukt og diverse finesser. Vi fekk eit fyldig kurs kompendi, det var egentlig lett og fortsette etter kurset.


søndag 22. november 2009

Toalettmapper.


Eg måtte prøve meg på små toalettmapper med mønster fra bloggen til Timotei. Takk til deg for god beskrivelse. Glidelås er alltid det verste, men øving gjer meister. Har og sydd ein sirkelpung.

onsdag 18. november 2009

Tosidig Log Cabin.

Da er Log Cabin brikka eg begynnte på kurset med Anne Karin Myren ferdig. Vart veldig fornøyd med eine sida, men den andre vart for mørk. Dette er tosidig og mykje arbeid å skjere for å få det til å stemme på begge sider. Teknikken er veldig grei for å bruke opp ein del remser ein har liggande, remsene er på 1".





søndag 15. november 2009

Vinku.

Denne kua som sitt i restane etter sommaren skal byttast i ein nisse. Har tenkt å ta vare på tre henge Pelargonia over vinteren, har tenkt å ta dei inn når det blir kuldegrader. Dei heng godt under tak så kanskje kan dei henge til jul.

tirsdag 10. november 2009

Hjertelig glede.

Da er blokk 5 og 6 ferdig og eg er ajour med dei blokkene eg har fått tilsendt. Får ei blokk i måneden fra Quiltekroken i Bergen. Er halv ferdig med blokkene i teppet. Er veldig fornøyd, likar utforming og fargane.

søndag 8. november 2009

Syhelg.

I helga har det vorte mykje sying, ferdig med blokk 4 av Hjertelig glede som eg får månedspakke fra Quitekroken. Kom litt etter og da tar det ei tid for å holde seg ajour.
Denne har nabokjerringa sydd, ho har fått interesse for alle dei fine tinga som blir laga. Ho har laga bossposen i helga. Ho har kjøpt seg ny symaskine og da opna det seg ein ny verden.

Når mennene er på Cup finale inntar damene spisestuebordet med symaskinene. Vi håpar dei har hatt det like bra som vi har hatt det.


fredag 6. november 2009

Veske med flettede hanker.


Til denne veska kjøpte eg matrialpakke med Quiltekroken, det var i april. No er den ferdig, var tjukt å sy på hankane, men det gjekk greit. Den er 28 *40 cm og det er eit mønster fra Bente Tufte.