fredag 30. november 2007

Advent.

Har sydd spisebrikker i lilla. Dette blir mitt bidrag til Hobbybodens "Eit år i fargar" i november som er lilla. Dette er eit mønster fra Quiltekroken som heiter Hjertelig romantisk som eg har laga på min måte.

Adventskalender.

Ein adventskalenderen ferdig til i morgo. Sjølv om jentene er blitt store er det spennende med kalender. Kan ikkje røpe innholdet men det er litt forskjellig. Denne sydde eg for nokre år sidan.

søndag 25. november 2007

Juleløpar


Denne juleløparen sydde eg til ein kollega før jul 2006. Det er eit mønster som stod i Familien, laga av AnnKA.Mønsteret var med to pepparkakehus, eg laga eitt.

Serviettholdere

I helga har det blitt 3 nye serviettholdere. Rester av juleblokker som eg har sydd tidligere år har vorte serviettholdere.

fredag 23. november 2007

Klara


Trine har strikka genser til Klara. Ingen protestar for å ha den på. Er ho ikkje søt? God helg til alle som besøker bloggen min.

onsdag 21. november 2007

Brettbrikker.




Har sett på andre blogger fine brikker på serveringsbrett. Dette gav meg ein ide, kanskje det blir julegaver.

lørdag 17. november 2007

Serviettholdere.

Sist vi hadde lappeklubbmøte begynnte vi å sy serviettholderer. Mine er ferdige og har fått juleservietter til. Kanskje disse blir julegave.

fredag 16. november 2007

Krans med sløyfe.

I kveld har det vore sytreff i Hobbyboden. Meldte meg på for ei tid sidan, fekk epost kl 19 men hadde glømt det til klokka 20, da starta eg. Dette vart mitt arbeid i kveld. Dette blir også min bursdags helsing til Lisbet som er 24 i dag. Ingen kake her i huset, ho er i Trondheim.

tirsdag 13. november 2007

Juleforberedelser.

42 dager igjen til jul, det las eg på ein blogg. Det er vel på tide å begynne på julestoffa da! Kjekt å sy stitchery i kombinasjon med log cabin.

mandag 5. november 2007

Stoff restar




Etter 10 år med lappeteknikk har det samla seg mykje restar. Har tatt eit valg på at dei måtte brukast, men kva? Noken blokker til carzy quilt og ein del til log cabin. 4 tomme konvolutter som dei har vore samla i. Har brukt opp rød, blå, grønn og lyse. Ein del igjen, dei skal og bli brukt etter kvart, det tar tid. Kanskje det blir eit reste teppe eller dei ligg til påkomme behov.

Tur




Søndag og fint veir. Eg fekk vere med Klara og Lisbet på tur på Vårsetera. Klara er snart 4 mnd og veks og har vorte ei lita lydig dame.