lørdag 28. februar 2009

"Ung løper"

Har sydd "Ung løper" etter mønster fra AnnAKa. Eg har brukt grønt stoff på hjerta. Eldste dattera skal få denne, ho har grønne møblar.

onsdag 25. februar 2009

Trusepose.

Har sydd trusepose til eldste dattera. Ho er vekke 14 dager om gongen, måtte vere litt stor. Har overført bilde av hunden hennar, ho Klara på stoff. Har hatt liggande ark som eg har kjøpt på Clas Olson,kopierte bilde på arket og strauk det på stoffet. Blir spennende å sjå kor holdbart dette blir. Nokon som har erfaring?

søndag 22. februar 2009

Kurshelg.

Kurs med Anne Beier Finnestad, stoppefoten. Har hatt ei kjempe kjekk helg, sydd mykje på tre dagar. Dette er mitt tredje kurs med denne dama, eg likar veldig godt å vere på kurs med ho. Får lære mykje og ho er veldig flink med fargar. Denne gongen var det Lappestua Eid som arrangerte kurset.
To løparar vart det, spennende teknikkar. Ho hadde fine modellar med, vi kunne velge og vrake. Det vart ein juleløpar og ein anna løpar på meg. Merkelig eg er ikkje heilt ferdig med jula enda, skal bli kjekt å finne når den tid kjem.

Jula varer heilt til påske....


Søndag vart det trusepose, no har eg det og. Har sett slike på bloggar før. Her var det berre å bruke restar, hadde litt på lur i veska, tråd, angelina og stoff. Slike skal det bli fleire av, kjekke gaver.



Tenk ei heil helg å drive med det ein har mest lyst til!!! Maten vart servert, middag begge dagar og kake til kaffen. Er ikkje vi 22 damene som gikk på kurs heldige?




Kurs arrangør og kokk. Ho organiserte kurset, laga mat, hadde butikk og henta det vi trengte.
Takk til ho for god service.





Bordet var fint dekka på Stokkenes gard. Lyse fine lokaler, og nok stikkontaktar til alle. Her var det kjekt å vere, varmt og godt.






mandag 16. februar 2009

Søndagspusleri.


Har sydd noken fleire koffertlappar. Merkelappane er sydd saman av små stoffprøver som eg har fått tilsendt for mange år sidan.Vi quiltedamene utnyttar dei minste lappar. Fant ein ide i eit Quiltemagasin fra i fjor,eit hjerte. Det er sydd av lilla restar. Har hatt ei nål bak så det kan brukast som pynt på ein genser eller topp.

lørdag 14. februar 2009

Merkelappar.


Har ikkje planar å reise på ferie enda men hadde lyst å lage koffert lappar. Lagde ein stor og ein som vart liten. Kjem nok til å lage fleire slike, det var kjekt å sy sjøv om eg hadde litt problem med å sy på plasten. Brukte maskeringstap for at det skulle gå under labben.

torsdag 5. februar 2009

Nålepute.


På møte i Nordfjord Lappe og Quilteklubb hadde vi sying av nålepute denne gongen. Det vart ei stor nålepute, men eg synest den vart veldig koselig. Mønster forslag var det Strikkemor(o) som hadde. Takk til ho for det.

søndag 1. februar 2009

Oppheng m/lommer.


Veggoppheng med lommer, greit å sortere ting i. Tidligere arbeidskollega ga meg dette oppdraget. Ho kom med tegning av korleis det skulle sjå ut og det skulle vere svart. Dette vart resultatet.