torsdag 31. desember 2009

Godt nyttår!

Siste innlegg på bloggen dette året. Her er himmelen klar og blå etter eit sikkelig snøver tidligare i dag. Det skal bli kaldt, skikkelig kaldt, sjelden det er over 10' her. Dette bildet har eg lånt fra nrk m og r. Håper det blir ein rolig og fredlig nyttårs kveld.

GODT NYTTÅR !

Siste arbeid i år.

Julebrikke til brettet. Stitcherymønsteret fant eg i Familien fra i fjor, Kristin Langbråten.
Ein liten bursdagspresang på nyttårsaften.



søndag 27. desember 2009

Julegaver.

Bilder eg fekk fra ei veninne som ønska poser til sine barn. Det vart putta ting oppi og gitt som julegaver. Skal tru kva spennende som var der?
Dette vart jule gave til veninna som ønska posene, kjekt å gi sydde ting til ho. Ho blir så fornøyd, eg får stadig skryt.

Denne brødkorga vart og ei gave. Vart ikkje så mange sydde gaver i år, tid hadde eg nok av men jobbar best under press. Når ein ikkje er på jobb og i det vanlige blir det lite kreativitet.
Fortsatt god jul til dei som er innom.


torsdag 24. desember 2009

GOD JUL.

ØNSKER ALLE EI RIKTIG GOD JUL OG EIT GODT NYTTÅR.

lørdag 19. desember 2009

Poser til kakemennformene.


To poser til, alle trur dei får poser med meg denne jula. Har vorte ganske mange, desse skal to med navn Sissel få. Desse var veldig kjekke å sy, mønsteret sto i siste Quiltemagasinet.

torsdag 17. desember 2009

Strikkepinnemappe.

Fekk ei bestilling på ei strikkepinnemappe, slik vart den. Litt vanskelig å velge farge og stoff så andre skal like, ønsket var blå/grønn. Det er mammaen til ein kollega som skal få den i julegave.
Dama som skal ha julegava brukar ikkje data derfor kan eg legge ut bilde. Har sydd litt andre julegaver og, dei blir lagt ut i romjula.


Har brukt bordvatt til mellomlegg, neste skal eg bruke Solidott, det var ein ide eg fekk på ein blogg. Blir litt tjukk og ikkje så fin når det blir rulla sammen.

mandag 14. desember 2009

Brikke.

Lilla brikke til brettet som står på kjøkkenet må ein ha i adventstida. Stitcheryet er eit applikasjonsbilde fra ein kalender som eg har sydd. Adventskalender 1998 fra Quilte huset. Greit å bruke applikasjonsmotiv til stitchery, lilla stoffet var remser som eg hadde fra andre arbeid.

mandag 7. desember 2009

Julegaver.


"Å kor fine dei var, slike vil eg gi vekk i julegave"! Det var kommentaren til dei andre eg laga. Da var det berre å sy fleire, veldig kjekke å sy. Bilde av babyen til eit vennepar av eldste jenta på den eine, den vart fyllt med tvist og pakka inn. Ho reiste på jobb i dag og skal vere vekke til 21. Har fri i jula i år, skal jobbe nyttårshelga. Kvar sin gong å jobbe i jula i sjukepleiaryrket.

fredag 4. desember 2009

Poser.

Desse to har eg sydd etter mønster som stod i Quiltemagasin 2/08. Bildet med nissene er laga av serviett og med decopasje. Har aldri prøvd det før, vart veldig dekorativt. Kjekt alt nytt ein får lære. Det andre bildet kjøpte eg på Quiltespesialisten Lillehammer i sommer. Veldig kjekt å sy poser, enkelt og greit. Ønsker alle ei god helg.
Desse to posane sydde eg etter mønsteret som sto i siste Quiltemagasinet. Skal brukast til kakemennformene. Stoffet er gamalt og greit å få brukt.