søndag 28. september 2008

Karo.

Fleire i familien som har hund og må få eit lite teppe. "Vokt dem for hunden" med kroker som band og diverse kan henge i.

torsdag 25. september 2008

Trondheim.

I helga og begynnelsen av veka har eg fulgt min far til Trondheim for ein operasjon. Det var flott å passere Trollveggen, litt skyer på toppen.


Dette er haust stemning over Dovre. Flotte fargar og nysnø på toppane i bakgrunnen.


Dette vart handelen eg gjorde i byen. Boksen sytest eg var stor og fin. Den skal eg bruke til å fryse lefser i som blir brukt til julemiddagen. Har vore litt problem å behalde lefsene uten å bli knekt, alltid nokon som har det travelt når dei skal i frysaren. Steiker dei og deler dei i fire. Besøkte Quiltegården og Jordbærstedet, der vart det eit stykke stoff og eit stitchery.

Haust.


Mellom byturane mine måtte eg stoppe opp å sjå kor fin blomsteren på trappa er enno. Her i vest har vi hatt ein kjempefin haust så langt, har ikkje brukt regnklede i september. Vi får nyte det så lenge vi kan, tør ikkje tenke "kva kjem etter dette".

fredag 19. september 2008

Paris.

Langhelg i Paris. Det er ein kjempestor by, liv og røre heile tida. Mykje folk og stor trafikk. Vi kjøpte 3 dagers billett på undergrunnsbana, der kunne vi lett forflytte oss fra plass til plass. Vi fekk med oss mykje serverdigheter. Det som gjorde størst inntrykk på meg var Eifeltårnet. Vi stod i 1 time å venta på å få kjøpe billett, men det var vel anvent tid. Må innrømme eg er redd i høgda, kom meg til første stopp i heisa. Dei eg reiste ilag med var heilt opp i tårnet. Fantastisk, der såg ein heile byen. Kvelden før såg vi tårnet etter det var mørkt, det var stort å stå å sjå. Desverre har eg dårlig kamera for å ta bilde.
Vi gikk opp Champs Elysees og kom til Triomphe buen.

Her er fra Sacre`Coeur, kirka står på høgaste punktet i Paris.


Notre Dame de Paris, der var det Pave besøk.




Utsikt fra Eifeltårnet




Eifeltårnet, eit fantastisk byggverk. Dette er eit lite utdrag av det eg opplevde i Paris. Har tatt 236 bilder på turen.




mandag 8. september 2008

Kurs.

I helga var eg på kurs med Hilde Framnes Neset i regi av Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Det var eit kjekt kurs, Hilde hadde mange ideer vi fekk lære. Vi lærte to quilte typar, Dobbelsidig quilt og Fix ferdig. Vi sydde begge sidene med det samme, ferdig til lukkekant. Ei flink dame som eg håpar kan komme å holde fleire kurs for oss.


Dette er den dobbelsidige quilten. Eg skal lage løpar, advent på ei side og jul på den andre. Dette er midten som eg ikkje er heilt ferdig med. Kjem med bilder når eg blir ferdig. Fix ferdig metoden skal eg legge ut seinare.


torsdag 4. september 2008

Veske.

Har sydd meg ny veske. Dette er eit mønster fra Bente Malm. Måtte ta bilde i det fint solskinet vi har hatt i dag, flott haust ver her i Nordfjord.

STITCH 2008.

Da er stitcheryet for september ferdig. Dette er ein along som går på Hobbyboden. Nye mønster kvar månad laga av forskjellige. Denne månden er det Rita som har laga dette fine eplet. Takk til Rita for det.