lørdag 31. desember 2011

Godt nyttår.

Heilt på tampen av året vart eg ferdig med resteteppet. Begynnte å quilte, men vart ikkje fornøyd, da vart det liggande. Tok det igjen i romjula og da vart det frihansquilting av teppet. Romjula vart ikkje heilt som planlagt, "Dagmar" reiste med delar av taket på huset vårt. Utrivelig 1.juledagskveld, ingen vart skada, tak og veggar som vart våt kan reparerast.

Dette er bakstykket, det er sett sammen av resteblokker og andre prøveprosjekt som eg har sydd i mi kariere som "Lappedame". Litt historie når eg ser stoff og blokker.
Godt nyttår ønsker eg alle som er innom!


fredag 30. desember 2011

Fleire julegaver.

Desse var veldig smarte, til å ha smykker, øredobber eller andre små ting i. Det som er ned i dett ikkje ut om den ligg i toalettveska. Eg fekk ein slik fra Elin (takk til ho) i vår, det var som takk for at ho fekk "sjå "på bloggen min. Eg brukar den med øyredobbar i, om det er diamantar kan vere hemmelig. Dette vart nokre vennegaver, håper dei forstår kva den skal brukast til no.

Dette er lysposar, gitt med t lys i og telysestakar til. Har mange eg gir smågavar til, kjekt å gi til dei som ikkje syr sjølv.



torsdag 29. desember 2011

Julegaver.

Mug Rug og kruser vart nabohelsingar denne jula. Veldig greit å sy desse krusunderlaga og få brukt opp mange remser av julestoff som har samla seg opp gjennon år. Krusene er fra Kremmerhuset, likte dei.

søndag 25. desember 2011

God Jul.



Ønsker alle riktig God Jul. Dette vart julekorta som eg hadde i år.

mandag 5. desember 2011

Adventsløpar.



Denne løparen har eg sydd til yngste dattera. Dette er materialpakke fra Annequilten, ferdig utstansa ruter og stjerner.

mandag 14. november 2011

Advent og jul.

Desse løperane har eg sydd for salg og dei heng på kafeen Didriks. Kafeen ligg i Eidsgata og er verd eit besøk. Nordfjord Lappe- og Quilte klubb har salgsutstilling der fram til jul.





onsdag 9. november 2011

Duk.

Denne var gave til ei veninne som hadde bursdag i september. Plukka litt idear i MyQuilt og sette saman.

onsdag 28. september 2011

Bakeklede.

Dette er eit mønster fra Northern Quilts. Bakstykket er plast m/frote', slik vi la i sengene til ungane når dei tissa i seng om natta. Det blir godt for ein gjerdeig å heve under dette, varmen fra deigen slepp ikkje ut av bollen.

søndag 25. september 2011

Mariusgenser.



Ting tar tid men no er den ferdig. Yngste dattera vart veldig fornøyd med genseren.

lørdag 17. september 2011

Toalettveske.

Toalettveske sydd etter AnnAKa's mønster "Stor og liten".

torsdag 15. september 2011

Trusepose.

Dette vart ein gave som var levert i kveld. Fint det stoffet med foto på!

lørdag 10. september 2011

Muffins.

Prøvde meg på denne som eg fant mønster av i ei Tilda bok. Tenkte å ha kake og krus som pynt på krusunderlagene mine på Låvemessa, denne vart pynten. Låvemessa vart ein stor suksess og alle var veldig fornøyd. Bilder ligg på NLQ bloggen og på blogger til medlemer i klubben. God helg.

fredag 2. september 2011

Låvemesse.

Da er eg klar for Låvemesse i helga. Noedfjord Lappe- og Quilteklubb skal ha salgsutstilling på ei låve, blir spennende. Mange har laga "Tepper som varmer", dei er hengt opp til utstilling. Vart kjempe flott, spennende om det er mange som tar turen i Leivdalen i helga.


















tirsdag 23. august 2011

Tepper som varmer.

Har sydd to tepper til "Tepper som varmer" aksjon i Nordfjord Lappe- og Quilteklubb. Kan lese meir om det her. Har brukt ein del blokker og oppskjærte kvadrat eg har hatt liggande. Begge er det flees på baksida. Håper vi kan få ei fin utstilling av dei som er sydd når vi skal ha Låvemesse 3-4 september!








søndag 7. august 2011

Gryteklutar.

Ikkje mykje sying her i sommar. Desse gryteklutene vart sydd i mai og gitt vekk i bursdagspresang i juni. Mønsteret har eg funne på ein blogg.

søndag 10. juli 2011

"Postveska"

Har gått på kurs med Bente Malm å laga denne veska. Vanskelig å sjå kva som er bak plasten, fant ein fin blonde med roser. Kan bytte "stasj" etter som ein vil når det er glidelås.





lørdag 9. juli 2011

Blåtur.

Helga for 2 veker sida var ein del medlemmar i Nordfjord Lappe-og Quilteklubb på Blåtur. Turen var kjent men det vi skulle sy var "blått". Fekk to oppgåver vi skulle gjere klart, dette vart resultatet etter den eine delen. Vi hadde ei kjekk helg, laurdag var vi ilag med quiltedamer fra Vestnes og omeng. Magnhild Tautra var kursansvarlig og ho viste oss sine flotte premietepper. Hadde flott Vis og Fortell gjennom heile dagen, fekk mykje inspirasjon til å ta med heim. Takk til damene der som stillte opp. Fleire bilder fra turen ligg på klubben sin blogg her.

søndag 19. juni 2011

Sommarduk.

Sommarduken har fått to navn på, har vore på ferie i to veker. Har vore på Madeira og Porto Santo. Var to døgn på Porto Santo, ei lita øy nord aust for Madeira. Resten av tida har vorte brukt på Madeira, ein opplevelses ferie. Varmt, sola skein ikkje alle dagane, det var noko vi hadde rekna med. Fin øy med mykje flott blomster.

søndag 29. mai 2011

Sommarduk.



Har sydd ein "ferieduk", denne skal få vere med når eg reiser på ferie. Skal få ligge på utebordet med lysa tent om kvelden. Dei feriane som den blir med på skal få navnet sitt på duken.

lørdag 28. mai 2011

Trusepose.

Har sydd ein trusepose som vart presang. Mange dagar sidan eg skulle blogge denne men eg har ikkje kunna logge inn. Måtte forandre passordet mange gongar. Andre som har hatt samme problemet?

onsdag 18. mai 2011

Handlenett.

Vel overstått nasjonaldag, håper alle har hatt ein fin dag. Her har det vore regn og skodde ned i fjella, frista ikkje å gå i tog da. Brukar å gå i nesten alle toga men er ikkje kjekt med våt bunad. Når det vart kveld kom sola, da kom bukse og allversjakke på, Klara og eg hadde ein fin tur rundt i bygda. Dette nettet sydde eg for ei stund sida.

onsdag 11. mai 2011

Buggy burn teppe.

Da er Buggy burnteppet ferdig quiltet og lukkekanten er komt på. Quiltinga er ikkje det kjekkaste eg gjer, stort å handtere under symaskina. Det var deilig å sove middag under teppet, varm og godt når bakstykket er av fleece.

tirsdag 3. mai 2011

Pc-veske.

Har sydd pc-veske. Har kjøpt ein liten pc som skal bli med på ferie, da er det greit den er godt pakka. Har brukt habalon vatt og flees som for.

mandag 25. april 2011

Strikketøypose.

Har sydd ein pose til å ha strikketøyet i, denne kjem til å havne i Romsdalen. Svigerinna mi trua med å bruke Pepperkakeform posen til strikketøyet, det går ikkje nei!

torsdag 21. april 2011

God påske.

Har strikka to "Kvikk lunsj" huer. Kjekt å få oppdrag fra ungdomane, og dei likar det eg lagar.

God påske!

tirsdag 19. april 2011

"Kun håndbagasje"

Vart inspirert når eg var på quiltetreff i Florø til å sy fra myQuilt. Dette er det første produktet fra blada som eg har alle av. Kjekt å sjå ferdige modeller av tinga i blada.

onsdag 13. april 2011

Gevinst.

Eg som aldri brukar å vinne! Vann denne på quilte treff i Florø sist helg.

tirsdag 12. april 2011

Strikkepose.

Har laga strikkepose til ein kollega. Greie poser til å ha strikketøyet i.

mandag 11. april 2011

Region treff 2011.

Tusen takk til Quiltedamene i Florø Husflidslag for ein kjekk dag i Florø søndag. Kari Renolen var der å fortalte om bladet My quilt, kjekt å høyre korleis dei får inspirasjon til dette. Ho hadde med mange av modellane til mønstra i bladet. Vi fekk sjå, studere og kjenne på dei, veldig kjekt. Da vart eg selvfølgelig abbonent av bladet.
Flott utstilling, mange "nye" arbeid, fekk mykje inspirasjon.
Mange fine gevinstar, eg vann ein løpar. Skal ta bilde og legge ut!
Ingen var søkar på neste års treff, da får vi quiltedamene reise til Bergen på årsmøtet til NQF!

torsdag 17. mars 2011

Buggy Barn.


Alle blokkene er sammensydde og sydd på eit flees bakstykke. Quiltinga står for tur, tenker å sy rundt alle stjernene. Dette var veldig kjekt å sy, hadde eit kveldskurs med Elin, Lappetausa. Trur ikkje eg har kjøpt eit einaste stoff til dette spesielt. Har sydd sammen og fått brukt restar av gamle stoff eg har hatt liggande. Dei brune og lyse stoffa har minka, har iallefall oversikt over kva eg har igjen.

onsdag 2. mars 2011

Puter.

Da har eg fire nye puter i sofaen, fekk inspirasjon til å lage dei når eg gjekk på kurs. Sjå tidligare innlegg. Fått spørsmål om overføring av bilder til stoff, Bentes Quiltehage har lagt ut god framgangsmåte på dette. Hugs speilvend bilda før dei blir printa ut og arket det skal overførast på blir lagt rett veg. Har litt erfaring fra dette!




mandag 14. februar 2011

Hjerte-teppe.


Da er siste blokka av Hjerte-teppet ferdig applikert. Dette er midt blokka i teppet. Da skal sammensyinga starte, trur det skal bli veldig fint teppe, nydlige fargar. Er ein bom som Quiltekroken har sent ein gong for månaden i 2010.
I forrige innlegg hadde eg laga symaskinveske, mønster og ideen har eg tatt fra ei bok. Det er fra boka "Slipp fargene løs! - med lapper", av Hanne Asplin Firman. Eg har tilpassa størrelsen etter symaskina.

onsdag 9. februar 2011

Veske til reisesymaskin.

Har sydd veske til reisesymaskina, har hatt eit plast trekk som begynnte å gå i stykker. Har brukt eit gamalt dongriskjørt og ei gamal bukse, greit med eit stoff som tåler litt. Skal på kurs i Boggy Barn i kveld og da skal veska vere med.
Inni veska er det brukt eit stoff med symaskiner og div. Har brukr Habalon vatt, skal tåle litt slag no.

mandag 7. februar 2011

Krus matter.

Har sydd fleire krusmatter, kjekt å sy, fort ferdig. Får brukt ein del restar som har vorte liggande etter mange prosjekt.
Alle har fått nye eigarar og dei vart veldig fornøyd. Kjekt å gi når dei som får blir glad.




søndag 23. januar 2011

Pute.

Ny pute til sofaen. Har planer om å sy fleire men sy lysta er ikkje på topp.
Baksida av puta.