tirsdag 29. januar 2008

Dear Jane.


Arbeidet som vi gjorde på dugnaden søndag var etterlyst.Dama som spurde var spent på korleis teppa vart. Her kjem to av dei, dei blir kjempe fine. Teppa skal vere til lotteri og er eit fellesarbeid som vi har hatt i klubben.Neste som skal gjerast er quilting og sy på lukkekanten.Håper mange kjem til å ta lodd når den tid kjem.

lørdag 26. januar 2008

Brødkorg.


Har sydd ei lita brikke til ei brødkurv.Hadde bruk for ein liten presang.Stitcheryet sto i eit juleblad i fjor.Korga kjøpte eg på Nille for ti kroner.Eg er ferdig å quilte juleteppet,har lukkekanten igjen.Måtte berre sy litt anna inni mellom,fint å sy handsaum når det var handballkampar.

Dear Jane.

I dag har vi hatt dugnad på lotteri tepper. Alle medlemane i Lappeklubben har sydd tre blokker kvar.Vi har sydd rundt blokkene og sydd saman til tepper.Har hatt ein kjekk dag med kjekt arbeid.Mykje arbeid, men når ein gjer ting i lag blir arbeide kjekt og sosialt.Skal sy saman to helger,da kan ein velge sjølv kva tid ein har høve til å stille.

fredag 18. januar 2008

You Make My Day-Award.

Har fått denne fra Elin. Greier ikkje å få lagt knappen for dette over i min blogg. Har prøvd etter alle tips eg har fått. Eg takkar for utnemnelsen.Kjekt med alle gode kommentarar. Eg vil sende den videre til alle blogge damene eg har på linklista mi. Eg er innom dokke kvar dag,da kosar eg meg.Noken har oppdatert ofte og andre sjeldnere,er like spent kvar gong eg opnar bloggane. Hobbyen min har vorte så mykje meir etter blogge tida,takk til alle for inspirasjon og glede. Takk for alle fine kommentarane eg har fått.

Kurs.


I går kveld var eg på kurs i regi av Nordfjord Lappe-og quilteklubb. Det var Siv Smørdal som var kursleiar. Kurset heitte "Kunsterisk" leik med Angelina og Tyvek. Vanskelig å ta bilde når det er lampelys. Eg hadde ramme på, tok vekk glasset.Det er egentlig lag på lag, blå kanten er sydd som paspatour.Har sydd små blå perler på den svarte paspatouren. Vart ikkje heilt fornøyd med arbeidet mitt, men eg lærer etter kvart.Det var eit kjekt kurs.

mandag 14. januar 2008

STITCH 2008.




Da er mine stitchery bilde for februar ferdige.Veldig kjekt å sy,blir veldig ivrig når ein begynner.Takk til Rita for mønsteret. Leita i huset for å finne ei lampe eg kunne legge glassplate over for å tegne av mønsteret.Så hadde mannen min ein ide, eg kunne legge kopien på skjermen på datamaskina.La stoffet over og tegna av,det var jo enkelt når eg hadde ei side med med godt lys.Gir ideen vidre til andre.

søndag 13. januar 2008

Django.

Egentlig ein trist dag,Django som har vore ein familiemedlem flytta.Han er seld til ei snill dame på Tjøme.Jentene mine har hatt han i to år.Til hausten skal dei nok begge vekk på skule og da måtte han selgast.Eg har møkka og fora, men å ri, nei det er han for høg til.Er no enda bestemor,eldste jenta har hunden Klara.Yngste jenta ga klar beskjed om at ho ikkje var ferdig med hest.Trudde at eg kunne vaske alle hestekleda,det gikk ikkje ,ho skal hjelpe ei venninde med hesten hennar allerede i morgo.Dei er dyrevennar disse jentene mine.

lørdag 12. januar 2008

Ufo 5.

Dette juleteppet har eg hatt liggande noken år,det er berre quiltinga igjen. Har sydd tre slike,dette er det siste.Dette er yngste dattera som skal ha,ho bor heime og har ikkje hatt bruk for det enda.Det er veldig lett å la det bli liggande,iallefall når ein gruer litt for quiltinga.Eg skal quilte det på maskina.Dette er min 5 ufo på 12 dagar,ikkje alle er like store, men det tar tid.

Adventsduk ufo 4.


Stjerne duken som eg skulle hatt ferdig for fleire år sidan er ferdig. Denne vart eg fornøyd med, ikkje alle ting ein syr likar ein like godt.Lilla brukar eg berre til advent så det blir ei stund å vente til eg får legge den på spisebordet.

fredag 11. januar 2008

Ufo 4.

Dette er ein adventsløpar som sto i Quiltemagasinet 5/2004. Det er ein stjerneløpar eg begynnte på etter eg fekk bladet,men det tok tid. Har sydd stjernene på tynn vliselin. Stjernene er sydd etter mal som eg tegna på vliselin,må ha fire deler for å få ei stjerne. Ser i enden av juleufoane, har berre eit juleteppe å quilte. Godt med litt drahjelp på andre bloggar.

Spisebrikker ufo 3.

Spisebrikkene er ferdige. Håndsaumen tok lengst tid,var raskt å applikere rundt figurane. Derfor har eg sydd ganse mykje på neste ufo.

søndag 6. januar 2008

Ufo 3.

Dette er neste ufo. Desse heiter Julefrokost fra Quiltemagasinet 5/2007 av AnnKa. Sydde 8 stk. 4 ga eg vekk for 2 år sida i julegave. Desse 4 vart ikkje applikert ferdig, dei er quilta og lukkekanten er sydd på men så vart dei liggande i korga. Det er ofte slik at det ein ikkje har noko spesielt å bruke eller skal gi det vekk blir liggande. Kanskje eg skal lage meg ei" salgsbu" og selge det som er til overs! Blir fullt i skuffer og skap, stadig vekk nye fristande ting å sy, men må og ha noko å sy på. Kva er livet uten stoff og symaskin!

Juleløpar ufo 2.


Juleløparen er ferdig.Godt med litt drahjelp, da gjer ein det ferdig. Dette er fra kurs med Anni Eikenes. Desse stjernene står og godt forklart i boka til Hanne Aspli Firmann "Lappesprell og quiltestreker".

fredag 4. januar 2008

Ufo 2.

Dette blir den neste. Denne har vorte liggande i fleire år og dukkar opp når eg begynner å ser på julestoffa mine.Den blei ikkje begynnt på i år heller, tar den no eg! Desse stjernene lærte eg når Anny Eikenes var her i "lappeklubben" og hadde kurs.Legg den på bloggen no så kan eg ikkje begynne på noko anna.

Ufo 1.




Dette er min første ufo i år.Tenkte det var best å begynne på dei som vart lagt vekk før jul.Har sydd rundt og laget den ferdig.

tirsdag 1. januar 2008

Januar 2008.

Hei folkens, eg er klar til syåret 2008. Måtte vise Juliann kor ryddigt det er på syrommet mitt.Ho lurte på om eg er begynnt på nye prosjekt,det er eg ikkje. Egentlig ventar eg på inspirasjon,kanskje skal eg begynne på noken ufoar eller fortsette på alle restene? Har eit prosjekt på restar som ikkje ligg i hylla. Vi får sjå, skal iallefall ut å gå ilag med lappedamer kl 18.30.Vi tar oppigjen trimmen fra i sommar.Det blir dei tirsdagane vi ikkje skal sy,målet må bli nye fjellturar til sommaren. Noken nyttårsforsett må eg ha!