mandag 31. desember 2007

Godt nyttår.

Årets siste dag i Nordfjord har vore flott. Med dette stemningsbildet vil eg ønske alle eit riktig godt nyttår.Håper det blir eit kreativt år med mange fine stunder ved symaskina og datamaskina.Takk til alle som har vore inne på sida mi og lagt igjen kommentarar.Takk til alle som har rettleia meg gjennom blogginga,det er lærerikt og kjekt å kunne dette.

søndag 30. desember 2007

Bokser


I dag har eg kosa meg ved symaskina.Har tenkt i mange dagar eg skal rydde på syrommet.Har rota i systemet mitt i julegave syinga.Ryddinga har vorte utsett,har sett på mange fine bloggar istaden.Kom over disse "strikke mappene", fant ut at dei hadde vore fine til å sortere småting i.Har tenkt at eg skal ha perler i den minste og glidelås i den store.Kanskje eg må sy fleire! Eg samlar og tar vare på det meste,eg kan få bruk for det ein gong. Det er mange gangar eg har snakka høgt til meg sjølv og sagt"ja,så fekk eg bruk for dette og" sikkert kjøpt for 20 år sidan.

fredag 28. desember 2007

STITCH 2008.


Da er eg ferdig med oppgåva for januar måned. Har ikkje heilt tenkt korleis eg skal gjer dette vidre. Kanskje skal eg lage eit teppe av alle eg syr gjennom året! Anni hadde sydd ei fin ramme rundt, kanskje eg skal plukke den ideen! Legg det på vent til seinare. Takk til Merete for ideen.

Stitchery.

Dette syntest eg var eit godt ordtak. Begynnte på det før jul, følte tida gikk fort og eg rakk ikkje alt eg hadde tenkt. Dette var eit mønster eg fekk av Northern quilt i fjor før jul.

onsdag 26. desember 2007

Julegave.

Dette fekk eg i julegave fra mine barn. Elste hadde vore i Trondheim på Quiltegården. Dette vart eg veldig glad for. Mange fine englar som eg kan sy i dette heftet.

STITCH 2008.


Dette er en sy-broder-stitch along for 2008.
Vi syr/ broderer motiver gjennom hele 2008 som monteres slik vi vil.
Temaet er "De nære ting": det som opptar oss, vær og vind: familie, hobbier, årstider og ferieminner.
Størrelse på bakgrunnstoffet:5 x 7 ferdig på sømmens bakgrunn, - kuttes før søm 6" x 8" (15 cm x 20 cm)
Hva må du gjøre?
* sy et motiv med norsk tekst hver måned i 2008.
* montere blokkene slik du vil (får tips underveis)
* du kan sy ekstrablokker med tekst, og applikere om en slik blokk er med
* delta og vise fram så vi andre kan akke og ve'e oss over hvor fint det er


Dette har eg meldt meg på, det var i Hobbyboden eg oppdaga dette. Det er starta av Merete , det er og oppretta ein blogg Stitch 2008 . Dette skal bli spennende. Mønsteret for januar er lagt ut. Har ikkje sydd stitchery så mykje, men har prøvd litt, har problem å få stinga like lange. Har tenkt å bruke restegarn, mest DMC. Har fått eit bærenett med restar som svigermor har kjøpt i den tida ho broderte mykje. Ho broderer ikkje lengre og da var eg heldig å få dette. Har kjøpt meg boks og nøsta opp ein del av det, arven tar eg godt vare på. Trur eg har resten som skal til i hus og.

mandag 24. desember 2007

Julafta.

GOD JUL. Ønsker eg
alle som er innom bloggen min.
Takkar for alle helsingar eg har fått.

søndag 23. desember 2007

Julestemning i huset.

Juletreet er ferdig pynta. Samme kvart år eg går av med seieren, berre røde kuler. Dei andre vil ha mykje glitter og flagg på, men det blir slik eg vil.
Dette er ein ferdig kjøpt nisse som eg har strikka klede til.

Desse to har eg fått i julegave av venniner tidligare.



Desse tova eg etter eit mønster som sto i KK for mange år sidan.


Vinhøne.


Siste julegåva er ferdig. Veret er så fint at eg kunne ta bilde på altan,vind og skyer, temperaturen er 5,6'.

torsdag 20. desember 2007

Nisse.

No er det tid for at nissane kjem ut av skapet. Dette er ein nisse eg sydde på eit kurs for noken år sidan. Ikkje ein heilt norsk nisse synes eg, men han får lov å komme fram kvart år.

torsdag 13. desember 2007

Vinkuer.

Det har vorte nokre vinkuer, dei skal vere presang. Den eine har eg lova vekk, Sissel R. kven vil du ha? Det er ikkje vin inni, det er blå ballonger, vanskelig å få dei til å sitte stille medan eg tok bilde.Alle skal få skilt, men må lage til for sending i morgo!

onsdag 12. desember 2007

Juleløpar


Dette er ein juleløpar eg gav vekk til ein gevinst.Ikkje alltid ein kjem på å ta bilde av ting eg lagar, dette vart tatt rett før trekking. Derfor eit dårlig bilde.

Brettbrikker.


Litt oppdatering, to nye brettbrikker som skal bli julepresang. Det blir ikkje sydd mykje, må gjere litt andre ting til jul og. I kveld har eg baka kringler og grove horn. Kringlene på bloggen til Mallemor såg så fristande ut, fekk den oppskrifta i dag.

mandag 3. desember 2007

Juleteppe.

Har hengt opp juleteppet i vår nyopp pussa gang. Dette teppe fekk eg som måneds pakker fra Katrines Quiltestue for noken år tilbake. Det er sydd over frysepapir. Har og sydd to andre tepper til jentene som er lik. På dei brukte eg restar eg hadde og dei applikerte eg på med maskin.

Adventsløpar.

Advent i stova. Dette er ein av dei finaste løparane eg har sydd. Gikk på kurs med Inger Marie Stensrud fra Nesbyen og lærte denne teknikken.

lørdag 1. desember 2007

Kalender.


Dette er ein kalender som bestemora sydde da Lisbet var lita. Liten plass med gava for to, men ein må ta vare på tradisjonar. Viktig å ta fram ting ein har brukt i mange år, spesielt når ho som har laga denne ikkje gjere handarbeid lengre. Fekk ein ide når eg gikk heim fra jobb i går, Strikkemor(o) fortalde at ho hadde kjøpt ferdige posar. Posane kjøpte eg på Nille og så putta eg forskjellig oppi. Håper Lisbet blir glad for kalenderen når ho kjem fra Trondheim i morgo, etter tre veker på Sivilforsvars kurs.