tirsdag 31. juli 2007

Fossane.

Overaskelsen var stor da den femte "Lappedama" hadde steikt sveler og kokt kaffe til oss når vi kom opp til hytta.


Det var mykje vatn i elva ....


I kveld har fire "Lappedamer" vore på tur på Fossane. Det var lett yr på veg opp, ned var det nesten sol. Kjempefin tur.



søndag 29. juli 2007

Ufo.


Første ufoen eg har blitt ferdig med i sommar. Hadde store planar om at eg ikkje skulle begynne på noko nytt før eg har gjort ferdig noko av det eg hadde liggande. Dette begynnte eg på for iallefall 2 kanskje 3 år eller lengre sidan. Kjøpte mønsteret hos Primula, "Nyutsprunget" fra Quiltehagen.

lørdag 28. juli 2007

Sminkepung


Har prøvd meg på AnnKa's sminkepung. Har litt glidelås fobi, men dette gikk greit.

fredag 27. juli 2007

Vennegave

Venninne passa blomsterane mine medan eg var på ferie,ho får dette som takk for hjelpa.

torsdag 26. juli 2007

Båndbroderi


I går var eg på eit kurs i silkeband broderi. Ei dansk dame som var på ferie hadde med å viste korleis vi gjorde det. Kjøpte denne boka. Sydde dette, var kjekt å prøve. Veit ikkje om det går å få kjøpe silkeband her. Det var ein kjekk kveld som gikk fort.

søndag 22. juli 2007

Bølgeteppet.

På den siste feriedagen må bølgeteppet oppdaterest. Det er no 165 cm langt, har tenkt det skal bli over to meter. Dette blir også mitt bidrag i Hobbyboden for juli måned, fleirfarga - multifarga.

lørdag 21. juli 2007

Blodbeger



I dag er det sol fra heilt blå himmel.Måtte ta bilde av planten eg kjøpte i vår, den heiter Blodbeger. Den såg liten ut i forhold til pilestavenene den skulle vokse oppetter, men den har vokse mykje sidan eg planta den.

mandag 16. juli 2007

Rindehornet




Ikveld har vi hatt ein fin tur på Rindehornet. Fin utsikt til Horningdalsvatnet og til Eidsfjorden. Det vart litt regn når vi satt på toppen. Kajsa fekk bli med.

onsdag 11. juli 2007

Veske


Søstera mi skal i bryllup, da må veska stå i stil med kjolen. Stoffet venta når eg kom fra tur. No er oppdraget utført.

Veske


Laga meg ny veske til ferieturen. Ei dame eg var på besøk med ville gjerne ha veska, så vart det. Får sy meg ei ny.