Viser innlegg med etiketten Hekling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hekling. Vis alle innlegg

søndag 22. juli 2007

Bølgeteppet.

På den siste feriedagen må bølgeteppet oppdaterest. Det er no 165 cm langt, har tenkt det skal bli over to meter. Dette blir også mitt bidrag i Hobbyboden for juli måned, fleirfarga - multifarga.

søndag 3. juni 2007

Bølgeteppet.




Bølgeteppet veks. Det vart starta med rosafargar, det var det eg hadde som restar. Etterkvart vart dei oppbrukt og det måtte handlast. Det vart mange fargar som frista. Yngste jenta seier det går i tidsepoker. På fredag fekk eg ny heklekrok som eg hadde bestillt fra Danmark. Syns den gamle var god, men det vart stor forskjell å jobbe med den nye. Den var berre god å hekle med.

mandag 7. mai 2007

Bølger


Eg har og starta å hekle bølgeteppe. Vart veldig inspirert når eg såg på bloggane til Juliann og Strikkemor(o). Har ikkje hekla på 25 år men det satt i fingrane med det samme eg tok i heklekroken. Hadde liggande restar av bomullsgarn. Heklenåla er ikkje av den proffe typen men den eg har duger godt. Det har vorte ein rosa start, eg har strikka rosa gensera når jentene var små.