søndag 3. juni 2007

Bølgeteppet.




Bølgeteppet veks. Det vart starta med rosafargar, det var det eg hadde som restar. Etterkvart vart dei oppbrukt og det måtte handlast. Det vart mange fargar som frista. Yngste jenta seier det går i tidsepoker. På fredag fekk eg ny heklekrok som eg hadde bestillt fra Danmark. Syns den gamle var god, men det vart stor forskjell å jobbe med den nye. Den var berre god å hekle med.

3 kommentarer:

Juliann sa...

Næmmen kjære deg, har du hatt ei ferieveke??? Eller er det dei lyse nettene som får deg til å hekle??? Det veks iallfall fælt fort med heklinga der inne i fjorden, både med den eine og den andre.

mallemor sa...

Detta blir jo kjempe fint Haldis!
Vi får vel sjå meir den 25. ???

Strikkemor(o) sa...

No blei eg skikkeleg imponert! Teppet ditt blir kjempefint! Gratulerer med ny heklekrok, lurer på kva den nettbutikken trur om oss!