Viser innlegg med etiketten Strikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Strikk. Vis alle innlegg

søndag 25. september 2011

Mariusgenser.



Ting tar tid men no er den ferdig. Yngste dattera vart veldig fornøyd med genseren.

torsdag 21. april 2011

God påske.

Har strikka to "Kvikk lunsj" huer. Kjekt å få oppdrag fra ungdomane, og dei likar det eg lagar.

God påske!

søndag 10. oktober 2010

Sjal.


Hausten er her og det er kaldare i lufta. To sjal er ferdig, enkelt strikk som er greit å ha tilgjengelig til ein kvar tid. Kjøpte mange fine perler når eg var på Naxos i september, som eg har brukt her. Har mykje sying på gang men lite blir ferdig så eg kan vise det her. Takk for alle hyggelige kommentarar på teppet eg hadde i forrige innlegg.

mandag 5. april 2010

Luer.

Denne lua er etter mønster fra Lille Rosin, strikka i Artic ullgarn.
Dette er ei lue til fra Daledesign, strikka i Freestyle. Strikka ei tidligare, den vart for stor. Kutta ned på maskeantallet da vart den perfekt.

søndag 14. mars 2010

Lue.

Da vart det ny lue på jenta i Bergen. Det er Dale design og strikka i Freestyle, veldig godt garn og strikke i.

tirsdag 16. februar 2010

Strikk.

Har strikka ein hals og gode tova vottar. Mange år sidan eg har strikka, men det var ønske om vottar og da vart det ein del par. Veldig greit med eit strikk i hendene. Når jentene var små strikka eg mykje, så kom det ei tid der ingen ville bruke det eg laga. Vottane har eg tova litt for mykje men har fleire par ferdig strikka, dei skal eg vaske på lavare temperatur.