torsdag 24. juli 2008

Ferie.

Her er ferie handarbeidet. Kjøpte mønsteret spisebrikker av AnnAKa og tegna på før eg reiste. Når eg skal reise må eg vere sikker på at eg ikkje blir fri for syarbeid! Dette var det einaste eg sydde på turen.
Turen gikk til Lofoten. Bildet er fra Moskenes campingplass, heilt på "spissen". Hit tok vi ferge fra Bodø, ein fin campingplass som kan anbefalast.

Naturen var flott, høge fjell stuper rett i havet. Dette er fra Å.


I fiskeværet Å var det aktivitet, her lagar dei Kanelsnurrer, kjempegode. Mmm..



Fiskeværet er tatt fint vare på. Koslig å gå her! Måsane hadde klora seg fast til små plassar på veggane i dei gamle sjøbodene. Veret var fint, opphold og sol denne dagen.

Dette er fra "Gamlebuda" på Reine.

På Reine må dei ha verdens beste fiskesuppe. Fint lokale og hyggelig betjening.


Dette er i Nusfjord. Det er det mest bevarte fiskeværet i Lofoten



Dette er på Borg "Vikingmuseum", her er historie fra vikingetida og det var vikingskip som låg til kai.

Vi var heldige og fekk oppleve midnattsola og regnbogen når ein snudde seg andre vegen.


Her er midnatt sola, klokka var 1.00 når dette bildet var tatt. Ikkje heilt velykka å ta bilde med mitt lille kamera,men,men. Vi var heldig å få sjå sola, skyene er ikkje så langt vekke. Neste dag var det regn.


Turen vart avslutta med å gå i quiltebutikkar. Greta har vore inne på min blogg og lagt igjen adressa tidligare, eg ringte å fekk komme på besøk i Rognan. Takk til ho for ein koselig quilteprat. Eg måtte ta bilde av "Alt for Rognan" som hengte i fjellsida.


Her er det Northern Quilts som fekk besøk av meg. Her vart det kjøpt litt stitchery mønster.


Turen vart avslutta i Trondheim, med besøk på "Jordbærstedet". Før eg var ferdig greide eg å melde meg inn i Stitchery klubben som dei har. Får eit ferdig påtegna mønster kvar månad tilsendt, spennende å sette fantasien i sving, kva skal ein bruke det i!































































torsdag 10. juli 2008

Veske.

Har sydd sommarnett, mønster av har eg kjøpt på Primula og stoff/fargar er sett sammen av Rita. Vart kjempefornøyd, takk for god hjelp.
Sommarferie fra blogging og sying på symaskina. Må ha litt stitchery i bagasjen. Retning på turen blir nordover, målet er Lofoten.
God sommar til alle som er innom.

tirsdag 8. juli 2008

Dear Jane.

Sju nye blokker Dear Jane. Måtte ta bilde ilag med ei rose, rosene kjem for fullt i hagen no. Er ferdig med alle blokkene som er utlagt på Dear Baby Jane bloggen.

Ekorn.




I går hadde vi besøk av eit ekorn. Det virka til å vere vant til folk, kom nesten bort til handa til mannen min.

søndag 6. juli 2008

Dear Jane.

Sju nye blokker med Dear Jane ferdig. Har 29 blokker ferdig. Følger bloggen Dear Baby Jane, der er det god søm beskrivelse av blokkene. Ikkje alle blokkene blir like bra men det er viktig å gå vidre, får heller ta igjen blokkene eg ikkje er fornøyd med seinare.

STITCH 2008.


Stitchery for juli ferdig. Takk til Britita for mønsteret. Jordbæra er fra egen hage.