søndag 26. juli 2009

Stitchingklubben.

Da er dei tre siste sendingane fra Stitchingklubben Jordbærstedet ferdig sydd. Stoffet som følgde med pakkene ligg klar for å lage noko ut av dette. Har ikkje funne ut kva eg skal lage. Det får ligge ei stund så kjem sikker ein ide ein gong.

fredag 24. juli 2009

Puter og posesamlar.


Yngste jenta skal til Bergen på skule til hausten og da kan det vere greit med utstyr. Jenta var kjempeglad i går når det hadde lykkast å få leilighet, ho og ei veninne skal bo ilag. Jenta er glad for det eg lagar til ho, kjekt for meg med slikt arbeid.

tirsdag 21. juli 2009

Blåtur arbeid.

Dette er arbeid vi fekk utdelt på årets Blåtur i Nordfjord Lappe og Quilteklubb. Husflidstausa var ein av arrangørane, ho hadde lagt mykje arbeid i presangen vi fekk. Fekk to pakkar kvar med stoff, tråd og malar. Ferdige arbeid skal leverast på lappemøte til hausten. Takk til Husflidstausa for ein kjekk Blåtur i Bremanger. Det blir ikkje mykje sying for tida, men desse er no ferdige til levering.

mandag 13. juli 2009

Kråkenes fyr.

Dette har eg sydd av stoffet vi fekk på blåturen i Lappeklubben i fjor. Alle som var med fekk 4 stoff og skulle lage noko av det. Har ikkje hatt ideen før no, fant bilde av fyret på nettet. Greide etter mykje prøving og feiling å speilvende bilde, kopierte det og strauk det på stoff. Dette er resultatet mitt.

torsdag 2. juli 2009

"Pynt til det lille rom"

I dag har systra mi bursdag. Har tenkt lenge eg skulle sy ein slik til ho, har vore i produksjon lenge. Dette vart da bursdagspresangen til ho.